|
Kjetil Vasby Bruarøy
mandag, juli 26, 2010 - 22:40
|
I juli i fjor vann Frode Veim Haugland 17 av 18 kampar i Arm Wars i Manchester. I helga møtte han opp som tittelforsvarar i same by, framleis med Eurosport sine kamera retta mot seg.
- Eg har visst også fått eigen fanklubb i England. Det var ein liten gjeng på tribunen med bannar, og dei gjorde mykje av seg. Dessverre fekk eg ikkje tid til å gå opp og prata med dei, fortel Frode.
Lett siger
Frode, som også er regjerande norsk og nordisk meister, hadde ikkje problem med å slo Kovacs (som har ein namnebror og medborgar som speler fotball for norske Odd Grenland).
- Vi braut seks gongar mot kvarandre og eg vann alle gongane, seier tittelforsvararen i den engelske armkrigen.
I tillegg gjekk dei seks kampar mot kvarandre med venstre arm. Her vann dei tre kvar.
Får møta verdsmeister
Neste Arm Wars er i desember, samstundes som Frode og fleire andre osingar er i VM i Las Vegas. Men Arm Wars-arrangørane vil sjå Frode i aksjon før den tid.
- Dei sa dei ville setja meg opp mot regjerande verdsmeister i vektklassen min, Janis Amolins frå Latvia. Truleg blir dette i september.
