Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

Frå 14-32 til 32-25

midtsiden
Målvakt Vibeke og forsvarsstjerne Tonje får skryt etter heimesigeren. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
søndag, mars 7, 2010 - 23:19
Bortekampen enda med stortap, heime var Os, trass i fleire skadde spelarar, langt betre.

Før tredje siste kamp for sesongen var det framleis teoretiske sjansar for nedrykk for Os-damene, som i vinter blei frådømt heile fire poeng grunna ein bagatell. Men heimekampen mot Bjørnar 2 blei mykje betre enn bortekampen mot damelaget frå klubben dei samarbeider med på jentenivå, og Os er no sikra plass i 2. divisjon også neste sesong.

- No er vi heilt sikra plass, etter ein fin kamp der vi klarer oss godt sjølv om både kaptein Madeleine Hjertnes, Mona Stigen og Astrid Nybø er ute med skade, seier Erlend Lyssand.

Lyssand var lagleiar i Kenneth Husebø sitt fråvær, og har tydelegvis også klart seg bra. Os vann 32-25 etter å ha leia 14-10 til pause.

Takkar Tonje
Tonje Hjertnes er ikkje blant dei som skårar flest mål for Os, men ho brukar mykje krefter på rett måte i forsvar.

- Forsvar er 70 prosent av kampen, og i framskoten posisjon i 5-1-forsvar er Tonje fantastisk. Det var ho også i går, meiner Erlend.

Tonje gjorde det vanskeleg for angrepsrekka til Bjørnar 2, og Vibeke Ingebrigtsen i Os-målet var stødig på dei ballane som kom forbi forsvaret.

Ingvill leika seg
I kaptein og playmaker Madde sitt fråvær var Ingvill Hefte god å ha.

- Etter ein tung periode med skade i ryggen ser Ingvill ut til å vera tilbake for fullt. Ho gjorde det veldig godt på Madeleine sin plass og skåra like mange spelemål som toppskårar Irene.

Os - Bjørnar 32 - 25 (14 - 10)
Os sitt lag (skåringar i parantes): Anne Lene Tysseland, Malin Hjelle Berentsen, Tonje Hjertnes, Emilie Hjertnes (2), Maria Stangeland Lunde (4), Hilde Kristine Røttingen (6), Ingvill Hefte (7), Vibeke Ingebrigtsen, Elise Hjelle (1), Trine Balland (2), Irene Tangerås (10, 3 av dei på straffe)

SJÅ TABELL

Laurdag 20. mars spelar handballdamene til Os sesongens siste heimekamp, mot Årstad 2 klokka 16.30. Sesongen blir avslutta med bortekamp mot Sotra 27. mars.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no