Full guff på golfbanen

midtsiden
- Eg hadde ikkje trudd at det skulle koma SÅ mykje folk, seier Linda Lohne frå Os Turlag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
søndag, januar 10, 2010 - 15:04

Os Turlag samla over 350 små og store osingar og tilreisande til skirenn på golfbanen i dag.

- Vi har aldri arrangert skirenn før, men med den vinteren vi har no dukka naturlegvis ideen opp, fortel Linda Lohne frå Os Turlag.

Bjørnefjorden Golfklubb sa ja til å låne vekk banen på strak arm.

- Fleirbruk er heilt i tråd med våre vedtekter. Grunneigar Samson Bjørke, som dessverre reiste til Spania i går, var sjølv krinsmeister fleire gongar på 50-talet.

- Eg har faktisk spurt Os kommune om dei har løypemaskin fleire gongar, no var det kjekt at turlaget klarte å ordna dette, seier dagleg leiar ved Bjørnefjorden Golfklubb, Erik Just Olsen.

Turlaget fekk låna løypemaskin frå Hålandsdalen skilag og snøskuter av ein osing (!).

- Gunnar (Gunnar Hatlelid, mannen til Linda) kjørte løyper heile torsdagen. Også utanom skirennet i dag er løypene opne, seier Lohne.

På banen er det tre løyper, ei rundt 100 meter lang sløyfe for dei yngste, ein bane rundt treningsfeltet og ei rundt heile banen. Vaksne brukar rundt 15 minutt på den lengste.

Skirennet var utan tidtaking, men med fleire formar for leik, blant anna snopeløype, ei kort utforløype med snop i, som ungane kunne plukka opp.

Sundag om ei veke arrangerer Os Turn skirenn på Ulven, då med tidtaking og premiar til dei raskaste.

Annonse

Relaterte saker

FAIL (the browser should render some flash content, not this).

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no