|
Gjest
fredag, april 16, 2010 - 13:01
|
Herrelaget til Os måtte sjå seg slått av Gloppen i kampen om opprykket til 2. divisjon. Sundag har dei ein sjans til hemn. Gloppen kjem på besøk for å spela kvartfinale i BA-cup. Samstundes har andre laget til osdamene fortsatt sjans på opprykk til tredje divisjon då dei skal ut i to kvalik-kampar mot BSI.
Går for finalen
- Målsetninga om å gå til finalehelga er inna rekkjevidde. Vi stiller med tilnærma toppa mannskap, seier Ostrenar Leif Idar Røen. Den einaste som ikkje er sikker er Kristian Bruarøy som slit med å koma seg heim til kampen på grunn av oska som stoppar flytrafikken.
Forsvaret blir viktig
- Vi har slått Gloppen i begge seriekampane i år, så vi veit kva vi møter. Nøkkelen blir eit solid forsvarspel og å setta trøkk når vi kjem i angrep. Dei er gode til å springa heimat, så det blir ikkje lett å få dei billege kontringsmåla, men sett vi forsvaret skal mykje vera gjort, trur Røen.
Kampen startar kl 1615 sundag i Oshallen. Semifinale og finale går i Framohallen fredag 7. og laurdag 8. mai.
Klare for kvalik-kampar
Andrelaget til Osdamene havna på tredjeplass i fjerde divisjon bak Tertnes 3 og Kvinnherad. Sidan Tertnes 3 har vegra seg for opprykk får Osdamene sjansen til å kvalifisera seg for spel i tredje divisjon. Dei må ut i to kvalik-kampar mot BSI.
- Vi hadde jo ikkje tenkt på opprykk då sesongen starta, men vi skal gå utpå der og knusa til, så får vi sjå kor det bærer. Slår vi BSI så er vi gode nok for tredje divisjon, fortel trenar Kenneth Husebø.
Ungt mannskap
Os gjer ikkje noko spesielt i forhold til kampane. Det er begrensningar på kva spelarar laget har lov å bruka i forhold til kva spelarar som har spelt dei siste kampane i 2. divisjon. Difor blir det eit ungt Oslag som entrar parketten.
- Vi stillar med dei som brukar spela fjerde divisjon. Den eldste spelaren blir Elise Hjelle på tjue, ellers er dei andre fra seksten til nitten. Vi kan bruka tre av spelarane frå fystelaget. I tillegg til Elise blir Trine Balland og Madeleine Hjertnes som er tilbake frå skade med. Vi har også med oss eindel seksten åringar, mellom anna keeper Andrea Søgnen Merai, avsluttar Husebø.
Den fyste går i Oshallen sundag kl 1430 med returkamp fystkommande onsdag kl 19.00 i Fantofthallen.
