Gjer klar for Poker Run

midtsiden
Eirik Haugland i sin Arriva. I år deltar han med ny farge og større motor. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
tirsdag, april 20, 2010 - 13:47

I fjor blei det avlyst, i år stiller truleg tre båtar frå Os i Bergen Poker Run.

Laurdag 19. juni kan du igjen sjå Bjørnefjorden full av hestekrefter. Bergen Poker Run, som har gått frå Bergen til Bekkjarvik fleire år på rad, blei avlyst i fjor etter at ein av arrangørane i Bergen var involvert i ei alvorleg ulykke i Stavanger Poker Run.

- Eg får ny motor i neste veke, og har planar om å stilla, seier Eirik Haugland.

200 nye hestekrefter
Eirik var som Anders Arefjord også med i førre poker run, i juni 2008. Haugland kjører med ein Arriva, Arefjord med verdas raskaste rib,  Rib Cat 38.

- Anders held på å montera motoren han fekk i fjor, eg oppgraderer frå 600 til nærmare 800 hestekrefter med motoren eg får frå Skinne Racing i Østfold, seier Eirik.

Tre frå Os
I tillegg til Haugland og Arefjord ser det ut til at også Johannes Heidal blir blant dei 20 båtane i årets poker run.

- Heidal har ein Wellcraft Scarab med 660 hk diesel som han vil stilla med, fortel Haugland.

Anders Arefjord har også planar om å delta med sin ribcat. Her frå båtracet i 2008. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no