|
Kjetil Vasby Bruarøy
mandag, mars 15, 2010 - 14:37
|
Tysdag er det både allmannamøte og protest i form av bålbrenning på Os Gymnas. Aksjonen "Jeg brenner for ..." er ein landsdekkande protest mot forslag om endring av reglar for fråvær.
Blei bua på
Elevena ved vidaregåande skular kan få sletta 14 dagar med fråvær, dersom det kan dokumenterast at fråværet skuldast for eksempel sjukdom eller politisk møteverksemd.
Medan elevrådsrepresentantar jobbar for å få auka talet til 20 har Kristin Halvorsen kome med forslag om å redusera dette til 10 dagar.
- Eg var nyleg på Elevtinget 2010, på Gardermoen, og då kom Halvorsen for å tala. Ho blei bua på av heile salen, fortel elevrådsleiar ved Os Gymnas, Vilde Lepsøy.
Dei 500 elevrådsrepresentantane var fem dagar på møte. Berre i salen sat det altså 2500 fråværsdagar, dokumentert gyldig og slettbar, men av ein kvote som kan bli redusert.
- Feil metode
Det er regelen i forskrift 3-47 om opplæring som kan bli endra. Årsaka er ønskje om å redusera fråværet og slik redusera fråfallet ved vidaregåande skular.
- Eg forstår at det er ønskje om å redusera fråværet, men dette er heilt feil måte. Det handlar jo ikkje om skulking, men om å ramma dei som anten er sjuke eller samfunssengasjerte, seier Lepsøy.
Sjølv er ho begge delar.
- Eg er både politisk aktiv og i fare for å få lengre sjukefråvær. Eg har ein skade i hofta som kanskje må opererast. Burde ikkje vi som vel å gjennomføra skulen trass i auka fråvær fått løn i staden for straff?
Brenner bål
Tysdag blir alle elevane ved Os Gymnas samla til allmannamøte for å få informasjon om forslaget til regelendring.
- Etterpå skal vi ut på plenen og brenna bål i protest, fortel Vilde, som saman med fleire frå elevrådet har moka ein plass for elevane på dei snødekte bakkane ved gymnaset.
Elevane får sin eigen plakat der dei kan skriva kva saker som engasjerer dei mest.
- Det er viktig at vi får fram kva vi mister og kven som får svi om dette forslaget blir vedtatt.
