|
Kjetil Vasby Bruarøy
lørdag, mars 13, 2010 - 18:25
|
I dag var det påskestemning på Kuventræ då både Os og Os 2 spelte treningskampar mot Stord og Valestrand. I banemeister Arvid Hjelle sitt fråvær hadde sonen Ove, som er arrangementsansvarleg i Os Turn Fotball, rydda den nye kunsgrasbanen ferdig for snø fredag kveld.
Offensive mot Stord
Kampen mot Stord starta med tidleg straffe til gjestane, men Os utlikna ved Torkel Hjertnes kort tid etter. Men Stord tok leiinga igjen og skåra to tette mål. 1-3 sto seg til pause.
- Vi bestemte oss på førehand at vi ville prøva å styra kampen, og det klarte vi. At vi gjorde oss sårbare og dei fekk uttelling på to overgangar får heller berre vera, seier Frank Hellevik.
I 2. omgang reduserte Os til 2-3 ved Tim Henrik Sperrevik. Os pressa på og gjestane heldt fram med å ligga bakpå. Dei var riktignok effektiva på angrepa i 1. omgang, men kom til færre avsluttingar mot eit betre førebudd Os-forsvar i siste halvdel.
- Sjølv om vi ikkje skåra meir er eg nøgd med det offensive spelet i dag. Noko upresist eit par gongar, men vi skapte mykje og hadde spelet på deira banehalvdel nesten heile kampen gjennom.
Ein haug med cornarar var og fleire angrep der Os kom til avslutting var ikkje nok til utlikning, så kampen enda 2-3.
Flying start mot Valestrand
Mot Valestrand fekk Os ein veldig god start. Ifølgje Hellevik var det berre eitt lag på banen den første halvtimen.
- Eg kan ikkje hugsa å ha sett noko så suverent, vi hadde skåring, stolpeskot og mål annulert grunna offside.
Ramo sto for både skåringa og det annulerte målet i første omgang.
- I andre omgang la vi oss litt nedpå og gjestane utlikna. Dei tok også leiinga, men Ramo skåra igjen. Dei siste 20 minuttane blei det litt hawaiifotball, og kampen kunne ha vippa begge vegar.
Kampen mellom Os 2 og Valestrand enda 2-2.
