|
Kjetil Vasby Bruarøy
mandag, mars 1, 2010 - 23:13
|
I helga blei noregscup arrangert i Bergen. Os Kickboxingklubb stilte med ni deltakarar og reiste heim med to gull og to sølv i bagasjen.
- Vi har ikkje hatt deltakarar i noregscup sidan 2005. Fleire av utøvarane våre konkurrerte for første gong, seier hovudtrenar Thomas Jensen nøgd.
Bergen pusha på
Klubben i Os samarbeider med klubben i Bergen, og for ikkje så lenge sidan var verdsmeisterane Morten Spissøy og Eirin Dale på Os som gjesteinstruktørar.
- Det er gjengen i Bergen som har pusha på og sagt at vi bør senda fleire til konkurransar. Vi hadde tolv som skulle vera med, men tre måtte melda forfall, seier Jensen.
Laurdag var det lettkontakt, sundag semikontakt, der kampen blir stoppa for tildeling av poeng. Tre av osingane gjekk lettkontakt, dei seks andre semi.
Sølv i lettkontakt
Laurdag var Robert Myklestad (+75 kg), Vegard Vangsnes (-65 kg) og Thorbjørn Melheim (-75 kg) i aksjon. Thorbjørn kom på 5. plass og Vegard på 3. plass medan Robert kom heilt til finalen i sin klasse.
- Vi har trent mest på semikontakt, men desse ville gå lettkontakt, som er meir likt fullkontakt, og gjorde det ganske bra. Robert (17) imponerte med sølvmedaljen sin.
Gull og sølv sundag
Sundag gjekk tre jenter og tre gutar frå Os sine kampar, og tok gull i 63-kilosklassen og sølv og gull i jenteklassane.
- Sandra Instebø hadde full kontroll i alle kampane og stakk av med førsteplassen i -63 kg. Lene Helgheim fekk sølv i klassen over.
Mika Stensletten var suveren i -63 kg og vann finalen allereie i den andre av dei tre rundane.
- Vidar Kaastad (-75 kg) leia bronsefinalen etter to rundar og burde ha kapra 3. plassen, men var litt lite taktisk i siste runde og gav vekk nokre unødvendige poeng.
- Også Espen Halhjem (-75 kg) og Christer Jensen (-85 kg) kjempa godt. Espen gjekk mot ein rutinert konkurranseutøvar og fekk mykje ros etter kampen, fortel Thomas.
RESULTAT
Semikontakt:
Sandra Instebø -63kg 1.plass Gull
Mika Stensletten -63kg 1.plass Gull
Lene Helgheim +63kg 2.plass Sølv
Vidar Kaastad -75kg 4.plass
Espen Halhjem -75kg 5.plass
Christer Jensen -85kg 5.plass
Lett Kontakt:
Robert Myklestad +75kg 2.plass Sølv
Vegard Vangsnes -65kg 3.plass
Thorbjørn Melheim -75kg 5.plass
