Hærverk på golfbane

Kjetil Vasby Bruarøy
søndag, november 29, 2009 - 09:26

Politiet rykte ut til golfbanen klokka 00.44.

- Vi hadde fått melding om hæverk på banen. Det var observert fleire mopedar kjørande på anlegget, fortel Ole Geir Magnussen, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Politiet snakka med ungdomen, som forklarte at dei hadde mekka på nokre mopedar og ville testa dei. Dei skal stort sett ha kjørt på grusvegane.

Magnussen kjenner ikkje til årsaka til at dei ikkje prøvekjørte på vanleg veg. Det er også uklart om politiet seinare vil koma med reaksjonar på kjøringa.

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no