Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

To heimekampar laurdag

midtsiden
Tore Valvik er ifølgje Hellevik i kanonform ein månad før sesongstart. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
fredag, mars 12, 2010 - 16:37
Det blir ein forsmak på laguttak når Os i morgon spelar treningskamp på Kuventræ mot Stord og Valestrand.

Laurdag kjem 2. divisjonslaget Stord og 4. divisjonslaget Valestrand til Os for å spela treningskamp.

Stord var ny i divisjonen i fjor, men klarte seg bra og landa på 8. plass. Valestrand kjempa mot Os 2 om den andre av dei to opprykksplassane, som Os som kjent stakk av med.

- Får publikum og spelarar eit signal på kven vi kjem til å sjå i kva divisjon i uttaka til dei to motstandarane i morgon?

- Ja. Men vi har berre tatt ut 11 til kvart nivå, innbytarane er ganske vilkårleg fordelt. Samstundes er det svært tett, og vi kjem som i fjor til å flytta mange spelarar mellom A- og B-laget. Uttaket er også for enkelte påverka av om dei den siste tida har vore sjuk eller vekke frå trening,  seier Frank Hellevik.

- Vil du nemna nokre spelarar som på ein eller annan måte har utmerka seg den siste tida?

- Då vil eg seia at Erik Kanestrøm held fram den positive utviklinga vi såg mykje av førre sesong. Han har hatt ein veldiggod treningsvinter og viser i kamp og trening at han gjer endå betre val med ball.

Også ein av veteranane i den unge Os-stallen har fanga trenaren si merksemd den siste tida.

- Tore Valvik er i langt betre fysisk form enn i fjor på denne tida. Han har også ein tydeleg framgang med ball. Det er veldig kjekt å sjå at spelarar som har vore godt etablert på laget i fleire år kan ha slike løft. Det vitnar både om gode haldningar og om at ungdomen pushar dei eldre. Ting fungerer slik dei skal.

29 Os-spelarar for testa formen i dei to kampane i morgon. Halvard Enes, Even Bjoarvik og Tom Skråmestø må stå over grunna fråvær/skade.

Kampen mot Stord startar klokka 13, kampen mot Valestrand klokka 15. Startellevarane er ikkje tatt ut, men her er troppane:

Mot Stord:
Kjetil Hansen, Baste Jonassen, Daniel Kalstad, Endre Brenne, Per Søgnen Merai, Remi Osebakken, Dani Bergstø, Vegard Leikvoll Moberg, Frode Buvik, Tore Valvik, Stian Lunde, Torkel Hjertnes, Christian Almeland, Tim Henrik Sperrevik og Sven Lyssand.

Mot Valestrand:
Anders S. Strønen, Anders Glesnes, (Baste Jonassen og Dani Bergstø, ut frå kor mykje dei får spelt i kampen før), Kristoffer Sande, Vegard Engelsen Moberg, John Ole Johannessen, Kjartan Svendsen, Mats Lepsøe, Espen Kolås, Erik Kanestrøm, Preben Borgen, Christer Olsen, Espen Valvik, Ramo Racic og Espen Kopperud.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no