Hundedagane har starta

midtsiden
Ifølgje folketrua skal hundane kunna bli litt villare i hundedagane. (Ill. foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
fredag, juli 23, 2010 - 23:54

Ròten mat, ville hundar og vêret - ja, korleis skal vêret bli i hundedagane? Belbert'n i Vinskvetten har kanskje svaret.

Fredag starta hundedagane. Månaden frå 23. juli til 23. august blir også kalla røtmånad, og er, trass i all folketrua rundt perioden, ikkje mindre offisiell enn at den står i almanakken. (Her kan du sjå digital almanakk)

I hundedagane skal det ifølgje folketrua vera større fare for at mat rotnar eller blir dårleg. Å piska krem er heller ikkje lett etter 23. juli. Det skal også vera større fare for at hundar blir vanskelege å styra, og i denne perioden kan lik flyte opp, om nokon har drukna.

Kor mykje av dette som stemmer, og eventuelt kvifor, vil vi ikkje spekulera i. Men kanskje har du erfaringar du vil legga inn som kommentar til artikkelen?

Kvifor hundedagane?
Namnet på perioden, som vanlegvis er den varmaste i året, kvar kjem det frå? Har det med ville hundar å gjera? Eller er det fordi mat som har blitt dårleg går til hundane?

Ifølgje Wikipedia kjem namnet frå Egypt. I det gamle Egypt fann ein ut at hundestjerna (Sirius) var synleg på himmelkvelvinga i denne perioden då regntida tok til og Nilen byrja å stiga. Ein meinte stjerna sto bak naturendringa, og kalla tida ho bar bod om for hundedagane.

Kva med vêret?
Nokon meiner den første hundedagen, som i år var ein solrik fredag 23. juli, seier noko om korleis vêret blir i resten av perioden.

Nokon meiner vêret skal halda seg lenge slik det er den første hundedagen. I så fall ligg vi bra an.

Andre meiner motsett, går hundedagane inn med sol går dei ut med regn.

Belbert'n i Vinskvetten meiner noko om andre dagar; «går homodagane inn med regn er ræva berr eit sikkert teikn». Sjå video under.

Uansett, her er vêrvarselet for Os dei neste dagane
(Som viser at vêret frå første hundedagen held seg ei stund).

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no