|
Kjetil Vasby Bruarøy
fredag, november 6, 2009 - 16:46
|
Ambulanse og brannvesen rykte ut til busshaldeplassen ved krysset mellom Byvegen og Idrettsvegen fredag i 15.20-tida.
Ein ung mann hadde gått i bakken, og meldar frykta at det var snakk om overdose.
- Guten var bevisstlaus då brannvesenet kom fram, men han kom seg raskt på beina, fortel eit vitne til Midtsiden.no.
Gutegjengen skal ha vore rusa. Det skal også ha blitt funne GHB på staden. Det såg ikkje ut som om ambulansen, som kom fram etter "first responder" Os brannvesen, tok med seg nokon frå staden.
