Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

I Olsenbanden-musikal

midtsiden
Ekteparet Geir Mildestveit og Bente Hage frå FMKV skal sundag akkompagnera eit kor av 20 unge osingar. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
onsdag, februar 10, 2010 - 11:45
- Å synga i Grieghallen med Forsvarets musikkorps i ryggen blir stort, eg trur ikkje dei veit kva som ventar dei, seier musikklærar Terje Neset.

Olsenbanden jr. for full musikk er tittelen på den musikalske familieframsyninga mange osingar er involverte i. Sundag skal eit barnekor som består av 20 ungar frå 3. til 9. klasse på scenen i Peer Gynt-salen i Grieghallen saman med blant anna Forsvarets musikkorps Vestlandet og Cheezy Keys-medlemmar, som har hovudrollene i musikalen.

- Vi har hatt liknande samarbeid med barnekor frå Os før, blant anna Astrid Lindgren-opplegget vi hadde under Osøren Blues 6 Jazzfestival i fjor sommar, seier Geir Mildestveit.

Geir er saman med kona Bente tilsett i FMKV, der dei to spelar klarinett og obo. No ser dei fram til å akkompagnera barnekor frå heimbygda.

- Krevjande og kjekt
Anne Leni Sæbø og Terje Neset styrer barnekoret frå Os. Øvingane starta i desember, der dei også brukte romjula til å terpa på Olsenbanden-låtane.

- Det er veldig kjekt å ha slike framsyningar å øva mot, og spesielt positivt for ungane å vera med på eit så profesjonelt opplegg, seier Terje.

- Samstundes er låtane krevjande, med trestemt song å enkelte parti, og koreografi som må øvast inn for at koret skal passa inn i handlinga.

Éi framsyning
Koret frå Os og FMKV får med seg Stord kulturskulekor, Aspane og vokalistar og skodespelarar frå Oslo til dei to framsyningane i Hordaland. Utanom Grieghallen klokka 16 førstkomande sundag er det berre Bømlo kulturhus som får besøk av Olsenbanden-musikalen.

I tillegg til kor og korps er det fleire med lokal tilknyting, regissør Kjærand Moe er frå Bømlo og manustilretteleggar, Arne Lindtner Næss er frå Bergen.

Framsyninga er blitt til i eit samarbeid mellom Nordisk film og Forsvarets musikk.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no