|
Kjetil Vasby Bruarøy
mandag, mars 15, 2010 - 16:23
|
Sundag spelte Os sesongens siste heimekamp, mot Gneist, som dei tapte 25-23 for borte. Os låg under med fem mål tidleg i kampen og med eitt mål til pause, men kjempa seg forbi og vann 26-24.
- Gneist prøvde å dra ned tempoet, vi lukkast ikkje heilt med å få tempoet opp. I tillegg brente vi litt for mange sjansar, seier trenar Leif Idar Røen.
Les meir om gårsdagens kamp på osturn.no/handball
Uansett, med to poeng i gårsdagens kamp ligg Os no tre poeng frå toppen når det står to kampar igjen.
To rundar igjen
Nornen 2 og Bergen HK ligg over Os på tabellen, men ingen av dei kan rykka opp. Bergen HK grunna samarbeid med Lyngbø, som ligg divisjonen over, og Nornen 2 med førstelag som sperrar.
To lag rykker opp og kampen står mellom Os (19 poeng), Florø (19) og Gloppen (22). Årstad (17) kan melda seg på ut frå resultat i dei siste rundane.
Avgjerande mot Gloppen
Os møter Gloppen i neste kamp og tabelljumbo Eid i siste kamp, begge på bortebane.
- Vi tapte 25-22 heime for Gloppen, men stiller med eit betre lag laurdag. Kampen blir nok jamn, men det er jamne kampar vi har spelt i heile år, så det er vi vant med.
Seinast i går viste Os kor gode dei er til å kjempa seg inn igjen i kampar dei ligg under.
OK med opprykk?
Os rykte i fjor ned i 3. divisjon etter fleire år i 2. divisjon. Den gong syntes trenarane at det var greit, eit år i lågare divisjon for det unge mannskapet skulle gje betre utvikling av spelarane.
- Er det greit å rykka opp igjen allereie i år, om de klarar det?
- Klarar vi det så er vi gode nok. Denne sesongen har vore veldig lærerik for dei yngste, mange av dei har utvikla seg veldig mykje. I tillegg har vi fått etablert ei større og betre stamme, så vi kan nok klara oss bra om det blir 2. divisjon neste år.
- Vi skal i alle fall kjempa det vi kan i bortekampen laurdag, lovar Leif Idar.
