|
Kjetil Vasby Bruarøy
fredag, januar 29, 2010 - 16:06
|
NAF Motorsport Bergen hadde planar om motorsport på Ulvenvatnet laurdag 30. januar, men Os kommune måtte trekka tilbake løyvet.
Administrasjonen kan nemleg ikkje gje slikt løyve til ferdsel i utmark eller på vassdrag, det må politikarane gjera.
- Vi gjev ikkje opp, seier Nils Eivind Søfteland til Midtsiden.no.
Første sjanse for politisk handsaming er førstkomande tysdag. Då er det ekstramøte i formannskapet.
- Om dette er ei sak der andre instansar må koma med uttale kan det bli for knapp tid, men i utgangspunktet har vi tid til å sjå på saka førstkomande tysdag, seier ordførar Terje Søviknes.
Søviknes legg til at han synes dette høyres ut som eit positivt tiltak.
- Vi er klare for kjøring!
Då Midtsiden.no var ved Ulvenvatnet for å fotografera fredag ettermiddag, møtte vi Even Hjertaas. Han såg ikkje ut som om han skulle på skitur.
- Eg ville sjekka forholda. No har eg funne fram nokre gode piggdekk frå kjellaren, vi er ein gjeng som har sett veldig fram til å kjøra på isen i morgon, seier Even.
- Har du kjørt på bane før?
- Eg har kjørt litt motocross på banen i området her, men ikkje på islagt vatn. Det er nok både lærerikt og gøy, eg håpar verkeleg at dei får det til!
