Klar for treningskampar

midtsiden
Fredag blei den eldste kunstgrasbanen på Kuventræ salta, sundag spelar Os to kampar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Os-spelarane har nesten ikkje vore borti ballen i år. Sundag spelar dei to treningskampar på Kuventræ.

- Det har vore tøft å ikkje få spela, men eg trur vi har kome bra ut av det, seier kaptein Stian Lunde.

- Men det blir både kjekt og spennande å spela kamp i morgon, legg han til.

Møter Ny-Krohnborg og Fana
Sundag spelar Os årets to første treningskampar, begge på kunsgras på Kuventræ.

- Vi møter Ny-Krohnborg klokka 16 og Fana klokka 19, fortel assistenttrenar Tore Nielsen.

Sjølv om motstandarane er i kvar sine divisjonar har ikkje Os toppa laget som møter sesongens andredivisjonsmotstandar Fana.

- Det er tidleg på året og gruppa er jamn så vi har berre delt troppen i to meir eller mindre like lag.

Fin fysisk form
Den store snømengda som kom helga 18. til 20. desember blei liggande ei stund på banane på Kuventræ. Spelarane brøyta seg ein sjuarbane på nyåret, men då var det også veldig kaldt. Og då heile banen endeleg blei meir eller mindre snøfri kom eit nytt lass med snø.

- Vi har vel berre hatt éi veke med skikkeleg trening på banen. Men vi har vore samla på Nautilus til vanlege treningstider, løpt 5000-meter, gått på spinning, trent styrke og hatt symjetrening leia av Elin Austevoll, fortel Lunde.

- Då vi var på Høgskolen i Bergen og tok VO2-maks-prøve fekk vi bevis på at vi er i god fysisk form, spesielt dei yngre spelarane. Men det blir likevel spennande å spela fotball på full bane igjen.


midtsiden
For tre veker sidan heldt 50 ungdomar fire framsyningar i Fjellheim. Sundag blir det ny runde.
Mannen tok med seg nokre kartongar med sjokolade utan å betala, men blei oppdaga.
midtsiden
Sundag er første vising på det største bustadsprosjektet i Os til no. Målet er å selja 40 av 84 før september.
midtsiden
Ein lyktestolpe gjekk med då ein bil kjørte utfor vegen ved Strønebrua torsdag.
midtsiden
Øvredalsvegen blir kanskje opna i morgon, Søvikåsen blir stengt til over påske.
midtsiden
Over ein halv meter med nysnø og skyfri himmel - sundag kan bli ein gromdag i fjellet.
midtsiden
Eit ungt Os-lag vann onsdag 5-2 over Nymark, men Hellevik blei ikkje imponert.
midtsiden
Bremsa erosjon og auka sysselsetjing er blant dei positive biverknadane av Os Skog sitt prosjekt på Madagaskar.
midtsiden
Det nye koret Fonos blir sundag akkompagnert av jazzsambaorkesteret Alvadora.
midtsiden
Det var ikkje uttak som var problemet, men utgang.
Ein person er pågripen etter innbrot i ein bustad på Søre Neset onsdag ettermiddag.
midtsiden
Trond Giske grip inn i ferjesaka - Fjord1 kan førebels fylla ferjene igjen.
midtsiden
Onsdag kveld blei Øvredalsvegen stengt for tredje gong på éi veke.
midtsiden
Søvikåsen er stengt, i første omgang til torsdag, grunna steinras og fare for nye ras.
midtsiden
Barnehagedekninga i Os har på 5 år auka frå 63 til 88 prosent.
midtsiden
Politikar Ingrid Netland fekk høyra om lokalt engasjement då ho i går, på barnehagedagen, besøkte Søre Øyane Naturbarnehage.
midtsiden
Det nystarta selskapet Fløysand Blikk AS søkjer allereie etter fleire fagfolk.
midtsiden
Verken brannvesen eller politi veit kvar det store oljesølet i Sollia stammar frå.
midtsiden
Kultursjef, ordførar og fleire Frp-arar sat på heidersplass medan dei blei parodiert i Nor å ne-revyen.
midtsiden
10 dagar med mildvêr stoppar ikkje Håkon Holen og Arne Veim Haugland sine planar.
midtsiden
- Vegen såg breiare ut, seier føraren som hamna i grøfta i Søvikåsen i dag.
midtsiden
1 dag, 3 kampar og 10 mål - Åsne Takle Eide (15) fekk treningsleir med Arna-Bjørnar.

I Bergen arresterte dei heile 10 polske dørseljarar i helga, måndag taua politiet i Os inn éin.

Tatt på fersken: Han var tidleg vaken, og tok seg god tid, mannen som forsynte seg frå naust i Kuvågen tysdag morgon. (Oppdatert)

Stein Ove Halhjem var ein av fleire osingar som erstatta advent i heimbygda med tur til Kilimanjaro.
midtsiden
Det er observert ein flokk med fem spekkhoggarar i Fanafjorden.
midtsiden
Osingen Sigurd Beldo, som i fjor imponerte i Offroad Finnmark, starta laurdag på eit 500 km langt løp.
midtsiden
Jens Mildestveit har fått tøffare konkurranse etter at han fekk svart belte. Men det hindra han ikkje i å vinna sin første internasjonale medalje.

Utanlandske seljarar er observert i Os igjen. Kjem det nokon på døra di og vil selja trefigurar ber politiet deg ta kontakt.

midtsiden
Os sleit seg til siger over Gneist i går, og er no klar for toppkamp og kamp om opprykk.
midtsiden
Tysdag kjem elevane ved Os Gymnas til å gjera som mange andre vidaregåande skular - brenna bål i protest.
midtsiden
Sjøfartsdirektoratet har bestemt at gassferjene må redusera kapasiteten med 150 passasjerar.
midtsiden
Det har gått snøras i Rødsliane, men vegen har i motsetnad til Øvredalsvegen ikkje blitt stengt.
midtsiden
Det har gått fleire ras over Øvredalsvegen etter at den stengte torsdag. Likevel blir den opna igjen i dag.
midtsiden
- Kva skal vi etterlata oss for komande generasjonar? Eit sarva samfunn og nokre milliardar på bok? spurte Siv Jensen på Solstrand laurdag.
Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil (a) midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
Macbox as
mnn (a) macbox.no
drupal cms