|
Kjetil Vasby Bruarøy
søndag, februar 7, 2010 - 22:05
|
Handballdamene til Os held fram med å eta seg oppover tabellen igjen etter poenga dei blei frådømt før jul. I dag slo dei Kjøkkelvik med åtte mål på heimebane, nok til at dei vinn på innbyrdes oppgjer om dei skulle landa på lik poengsum mot slutten av året.
- Vi tapte 34-27 på bortebane i haust, men vi plar ha kontroll på dei når vi møter dei heime, så eg hadde ein god følelse før dagens kamp, seier trenar Kenneth Husebø.
I dag slo Os Kjøkkelvik 29-21 (14-11)
- Kan ikkje klaga
Den gode følelsen heldt gjennom kampen.
- Godt forsvarsarbeid, supert mellom stengene, med Vibeke som blant anna redda tre straffar, og godt framover. Vi kan kjøra høgare tempo enn det vi viste i dag, og eg lengtar etter å sjå 30 mål på resultatet, men etter denne sigeren kan eg ikkje klaga.
Mange gode
Det var fleire enn keeperen som imponerte i dag. Kaptein Madeleine Hjertnes held fram med å skåra mange mål, 7 i førre, 10 i denne. Elise Hjelle, som skåra 8 i førre, er med dagens 9 også oppe i 17 mål på dei to siste kampane.
- Men dagens beste spelar er nok Maria. Ho startar gode og smarte angrep og er nest sist på mange ballar. I tillegg skåra ho fem mål, seier Husebø.
At Irene er tilbake er også tydeleg.
- Anten skårar ho mykje mål ellers får ho så mykje merksemd at dei andre får meir luft og puttar lettare. Det siste har vore tydeleg i dei to siste kampane, to-tre motspelarar går ut for å stoppa ho tidleg, og ho sender ballen vidare til tomrommet som blir skapt.
Os - Kjøkkelvik 29 - 21 (14 - 11)
Os sitt lag (skåringar i parantes): Anne Lene Tysseland, Madeleine Hjertnes (10), Tonje Hjertnes, Maria Stangeland Lunde (5), Hilde Kristine Røttingen (2), Ingvill Hefte, Vibeke Ingebrigtsen, Mona B Stigen, Elise Hjelle (9), Trine Balland, Astrid Nybø, Irene Tangerås (3).
Utvisingar: Os 3x2 min, Kjøkkelvik 2x2 min
Lagleiarar: Kenneth Husebø, Erlend Lyssand, Janne Koldal, Emilie Hjertnes
Tilskodarar: 121
Os får no 13 dagar pause, neste kamp går på bortebane mot Stord 20. februar. Os tapte 17-25 på heimebane før jul, men bør med dagens form vera i stand til å gje også serieleiaren motstand.
