|
Kjetil Vasby Bruarøy
søndag, mars 14, 2010 - 12:05
|
Torsdag formiddag, medan eigaren sto og såg på, blei snømengdene på taket for tunge for ein gamal låve i Lønningdal.
- Eg og dottera mi, som bur i huset ved siden av låven, sto utanfor då låven byrja å svaia. Så knuste nokre ruter før låven kollapsa med eit brak, fortel Olaug Midtsæter.
Skulle rivast
Familien hadde allereie planar om å rive låven, og synes det er greit med litt hjelp frå naturen si side.
- Men vi var litt redde for at det skulle hamna noko ut i vegen. Heldigvis var det berre éin bete som landa på asfalten.
Bygger ikkje ny
Det er 20-30 år sidan det har vore dyr i låven, og eigaren har ikkje planar om å bygga ny.
- Kanskje søkjer vi om å få bygga ein garasje på plassen, men først må restane etter låven ryddast vekk. Det tar vi på dugnad når snøen er vekke.
Fleire kan rasa saman
Regnet har fått vekk ein del av dei store snømengdene som har lagt i Osbygdo dei siste månadane, men framleis ligg det nokre tak med tung last rundtom i kommunen.
- Også her i dalen er det fleire som er prega av tungt tak, så folk bør nok vera varsame med å opphalda seg nær gamle bygningar, åtvarar Olaug.
