Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

Kva med Rødsliane?

midtsiden
Trygg trasé? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
mandag, mars 15, 2010 - 12:14
Det har gått snøras i Rødsliane, men vegen har i motsetnad til Øvredalsvegen ikkje blitt stengt.

I førre veke gjekk det fire ras over Øvredalsvegen. I nærleiken, ned Rødsliane, går det ofte små steinras, men dette vegstykket har ikkje vore stengt, noko enkelte Midtsiden-lesarar har reagert på i epost til redaksjonen.

- Denne vegen er fylket sitt ansvar. Eg kjenner ikkje til om dei har vore på synfaring, seier brannsjef i Os, Stein Gjøsund.

Brannvesenet har blitt involvert grunna stenging av Øvredalsvegen.

Ras - men ikkje i vegen.
Gjøsund trur det grunna typografien ikkje treng vera stor snørasfare i Rødsliane sjølv om det går fleire ras andre stadar.

- Vi har sett at det nyleg har gått eit ras i Rødsliane, men dette stoppa før det trefte vegen. Store tre stoppa mykje av det som er av snø, det er stort sett sprengt stein og is som av og til hamnar i vegen, seier Gjøsund.

Har vore på synfaring
Det er Statens vegvesen si avdeling på Voss som har ansvar for denne delen av vegen. Dei fortel at dei har underentreprenørar som kjører gjennom Rødsliane dagleg, og at dei blant anna var på synfaring tysdag i førre veke.

- Det har gått nokre småras, men fjellet er så bratt at det ikkje legg seg så mykje snø der. Derfor blir det berre små mengder som sig litt ut i vegen, og til no ikkje nok til at vegen har blitt sperra av snø, eller vurdert sperra av oss, seier Kåre Olav Aldal.

Han fortel at han har fått nokre telefonar frå folk som har vore urolege for å kjøra gjennom Rødsliane.

- No er snømengda dessutan redusert etter alt regnet førre veke, så vi vurderer vegstykket som trygt for snøras.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no