|
Kjetil Vasby Bruarøy
tirsdag, mars 2, 2010 - 14:24
|
Onsdag i førre veke gjekk Os kommune ved teknisk sjef Haldor Fosse ut med åtvaring; folk blei oppfordra til å sjekka snømengda på hustaka og bestilla fagfolk til moking om naudsynt.
Den same ettermiddagen sto osingar side om side og moka taka sine, Bohus stengte grunna skade på tak som følgje av store snømengder og fleire idrettsanlegg stengte før helga for å vera på den sikre sida.
Men kva med kommunale bygningar, blir dei moka for snø?
- Vi har organisert moking på fleire skular. Lysekloster er tatt og Nore Neset skule blir rydda for snø i dag. Fleire står for tur no i vinterferien, seier Haldor Fosse.
Bustadar må venta
Store tak blir prioriterte først. Kommunen eig også fleire bustadar, skal desse også bli moka?
- Vi bur i kommunal bustad i Skorvatjørno, og har bedt kommunen å bestilla moking. Men dei meinte det var trygt her, skriv ein Midtsiden-lesar i ein epost til redaksjonen.
- Vi har førebels ikkje planar om å moka bustadane. Vanlege, skrå hustak skal tåla snøen som ligg på taka no, seier Fosse.
- Når kommunen ber andre sjekka taka sine, og husa vi bur i er eldre enn dei det blir anbefalt å moka, så synes vi det er rart at ikkje taka våre òg blir rydda for snø.
- Vi held eit auge med bustadane og vêrmeldingane, blir det vêromslag og regn vil vi setja i verk storstilt rydding der det er behov, lovar teknisk sjef.
Ein halv million ekstra
To og ein halv månad med vinter og fleire store snøfall har kosta kommunen.
- Det var mykje brøyting i fjor også, men det som er spesielt i år er at vi har så mykje snø at den må kjørast vekk. Det vi held på med no, å lasta snø på store bilar for å dumpa den andre stadar, kostar mykje, seier Haldor Fosse.
Han har førebels ikkje rekna saman kva rekordvinteren har kosta, men trur kommunen til no har brukt rundt 500.000 kroner meir på snørydding enn kva som ligg i budsjettet.

Kommentarer
så slipper man å gå opp på taket sjølv.
Her er ein video av den som eg fann.
http://www.youtube.com/watch?v=Smf9nboEmTg
- logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
Av wally 03/07/2010 - 13:18kan jo og sei det sånn at når hyttetak på fjellet tåler godt med snø på taket, så tåler skråtak på os 30-40 cm snø uten problema...
dei får slutta å syta, rett og slett....
- logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
Av tombar 03/07/2010 - 02:47meiningo var humoristisk meint då, men det når nok ikkje alltid fram til alle... :S :P
uansett så la eg i ettertid til at eg ubevist hadde lagt med slagordet til fløysand... dei tar et tak :P
kommunen har jo ett ansvar for sine eigendommar, sjølsagt, så bare til å stå på! men til tider kan det virke som om at dei som bur i kommunale boligar ikkje klarer noke på eigen hånd... om sommaren er det bedene og blomstrane og om vintaren er det snøen... snøen kan eg forstå, men om sommaren - kor vanselig er det å holda det noke lunde fint rundt seg...
og foresten: eg eiger ikkje hus sjøl... ;)
god dag til deg og;) foresten, det er søndag imåro, så du får finna fram måko og ta deg ein tur på takena deiras ;)
- logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
Av tombar 03/07/2010 - 02:44hyggelig av deg tombar og tenke at famile kan hjelpe. men det er nok ikke hos alle en har ett nettverk som kan bidra i slike situasjoner. og som huseier har jo kommunen ett ansvar på lik linje med private huseiere. kansje du og er huseier, så du vet,, ha en god dag
- logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
Av jes37 03/06/2010 - 10:05ingen familie som kan hjelpe då? venner eller noken som kan hjelpe til og ta i et tak :P
- logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
Av tombar 03/05/2010 - 01:43til piano.har du tengt på at i kommunale bustader er det kansje folk som bur, og ikke er helt friske, kansje en bruker rulllestol ol. og moking av tak er ikke for amatører. HAR DU TENKT PÅ DET. HM.
- logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
Av jes37 03/03/2010 - 10:27Dersom ein er redd for å få taket på sin kommunale bustad i hovudet grunna dei store snømengdene, så er det vel mogeleg å moka taket sjølv?
Har leigebuaren tenkt på det?
- logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
Av Piano 03/03/2010 - 09:40