Kvinne blei slått

Kjetil Vasby Bruarøy
lørdag, januar 30, 2010 - 10:27

Klokka 01.30 natt til laurdag ringte ei kvinne til politiet for å få hjelp.

- Ho hylte i telefonen. I bakgrunne høyrte vi ei rute som knuste, fortel politiførstebetjent Audun Hadler-Olsen.

Det unge paret var åleine i husværet då patruljen kom fram. Kvinna hadde blitt slått i ansiktet og ville melda forholdet.

- Vi tok med oss kvinna frå staden. Ingen blei pågripen, men vi kjem til å følgja opp saka.

Full førtiåring
I 21-tida fekk politiet melding frå Os Taxi. Ein passasjer var for full til å ta hand om seg sjølv.

- Vi tok vedkomande, ein mann i 40-åra, via legevakt til overnatting i arresten i Bergen.

Rett over midnatt varsla vaktane på Bar2Be om ein vanskeleg person på utsida. Politiet gav mannen, som er i 20-åra, pålegg om å fjerna seg frå Os sentrum.

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no