|
Kjetil Vasby Bruarøy
onsdag, mars 17, 2010 - 12:02
|
"Kom inn og sjå!" var tema for gårsdagens versjon av Barnehagedagen 2010, den årlege dagen når foreldre, besteforeldre og andre interesserte kan koma inn og oppleva kva som skjer der dei yngste held seg om dagane.
Midtsiden.no besøkte Søre Øyane Naturbarnehage, som opna vinteren 2002 og i 2008 blei utvida med ny avdeling. 13,9 årsverk driv barnehagen, 19 av dei 22 tilsette jobbar deltid.
- Etter at vi fekk bygd om, innreia og godkjent eit klimarom, kombinert ute- og innerom, som avdeling, og i november 2008 utvida med endå ei avdeling, har vi no 60 plassar. Fyren er den nyaste, Kobbavågen den ombygde, fortel styrar Kjersti Ellingsen.
Gjer seg kjent med krinsen
Søre Øyane Naturbarnehage er eigd av grendalaget i Søre Øyane. Stort lokalt engasjement og mykje dugnadsinnsats sørgja for å få bygningen reist, og barnehagen er ein viktig del av lokalsamfunnet.
- Derfor har også avdelingane namn etter lokale stadar, utanom Kobbavågen og Fyren har vi Homrahola og Blokkebærhaugen. Eit av prosjekta våre er å gjera ungane kjent med Øyane, med bunkersane på Tongane, Pilabrua og andre stadar spesielt dei som er som meg, tilflytta, bør gjera seg kjent med.
For at foreldra til tilflyttarane skal læra litt av det same har barnehagen planar om å montera skilt ulike plassar, for å merka plassar der ungane ofte går på tur, og kanskje på fritida vil ta med seg vaksne.
Rett måte - rett plass
Ingrid Netland (Sp), kommunestyrerepresentant og medlem av plan- og bygningsutvalet i Os kommune, besøkte også barnehagen i går. Ikkje for å snakka politikk, men for å vera med å oppleva kvalitetane i ein av barnehagane i bygda.
- Dette er eit godt eksempel på kor viktig det er å halda barnehagane i krinsane. Slik den ligg, midt i naturen, må vera ideelt i forhold til det vi har sett litt av når det gjeld nybygging i Os i det siste. Å bygga barnehagar langs E39, berre for at det skal vera lett å henta og bringa, er ikkje like bra for ungane, trur ho.
Saniteten på plass
Blant dei inviterte til barnehagedagen var sanitetskvinnene i Søre Øyane. Krinsavdelinga av Os Sanitetsforening tel 14-15 aktive medlemmar, og dei har eit samarbeid med barnehagen som blant anna inneheld økonomisk sponsing og leige av lokale til eigne møter.
- Det er både juniorklubb og lag og organisasjonar som bruker barnehagen, det er kjekt at dette er ein stad fleire kan nytta, synes styraren.
Auka empati
Blant nyare prosjekt i barnehagen er eit spesialpedagogisk, kommunalt opplegg som to av dei tilsette i førre veke leverte eksamensoppgåve i.
- Det handlar om empati, og korleis ungar tar etter dei vaksne si åtferd. Det vi har lært bruker vi både ovanfor ungane, men også oss vaksne imellom, fortel Tonje Lundervold.
- Er vi vaksne flinke til å visa at vi bryr oss om kvarandre så påverkar det ungane. Etter at vi hadde diskusjon og samtalar om dette internt, og tok nokre av metodane i bruk, såg vi raskt endring hos ungane òg.
