Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

Måke eller moke?

midtsiden
Flink måke og flink mokemann på Lyssand Gartneri sitt tak. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
fredag, februar 26, 2010 - 13:21
Midtsiden-redaksjonen har fått fleire reaksjonar på ordet "moke". Kunne vi ha skrive "måke" om snørydding?

- Eg har lest mykje nynorsk, men ordet moke kan eg ikkje hugsa å ha sett før, seier ei dame som ringte Midtsiden.no fredag formiddag.

Det er snøen det handlar om. Kort tid seinare kom ein epost med spørsmål om kvifor vi skriv moke.

Hadde vi hatt "låv" så hadde vi skrive måke, eller måka, sidan vi brukar a-ending. For Midtsiden-redaksjonen er opptatt av å skriva nynorsk på ein måte som flest mogleg, også innvandra bergensarar, forstår.

Men måke på nynorsk betyr det same som måse, vadefugl i familien Laridae, ifølgje ordboka. Og berre det.

Åsmund Lien frå Os Mållag stadfestar at det ikkje er lov å bruka måke som ei sideform.

- Eg reagerer ikkje på ordet moke, og måke kan ikkje brukast om rydding av snø, seier Lien.

Annonse

Kommentarer

Dette er jo barnemat

moke [kløyvd inf -a] v1 (norr moka; av møk) flytte masse med spade, skuffe e l; skufle (unna) m- snø / m- veg i snøen / m- fjøset skufle møk vekk frå fjøsgolvet / *mæle (V) m- ballen ut frå mål / skjemt.: dunge i hop m- i seg leggje dugeleg innpå

Tips: Sjekk i en ordliste, verre var det ikke.

Infinitivsendingen kan man jo velge selv. Å trekke måker inn i denne diskusjonen er faktisk ikke vittig, bare teit.

Av Phantomoftheoperah 02/27/2010 - 18:12

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no