Markerer moloen

midtsiden
Tre anleggsmaskiner sto måndag kveld ytst på molen, saman med ei lanterne. I bakgrunnen ser du Deepsea Atlantic. (Foto: KVB)
Den er ny, lang, låg og mørk, moloen som strekk seg ut frå Mobergsneset. Men entreprenørane merker den så godt dei kan. I tillegg opnar dei snart passasje til Vikjo.

Til helga er det sommarferie for entreprenørane som jobbar med tomta til Oseana og den nye moloen ut frå Mobergsneset.

Moloen er ny, og sjølvsagt ikkje merka av på sjøkart. Den er også så låg at om du kjem med båt frå sør, og har sving inn mot Kuvågen på veg mot Os, så ser du lysa frå sentrum over moloen.

- Tilreisande båtfolk kjenner gjerne ikkje til prosjektet. Er moloen synleg nok nattestid?

- Å merka moloen er noko vi har hatt fokus på, seier prosjektansvarleg Magnar Eide frå Straume Rådgivning.

I går sto tre maskiner ytst på moloen, truleg for å markera denne betre. I tillegg seier Eide at det er plassert lys langs moloen. Vi såg eitt, dette var det ikkje lys i måndag i 23.30-tida.

- Det skal vera fleire, og det er sensorar i dei, så det kan henda at det ikkje var mørkt nok, seier Eide.

Stein frå Sotra
Entreprenør Vassbakk & Stol held omtrent framdriftsplanen, som seier at tomta skal vera klar til betongarbeid før ferien.

- No kjem dei tilbake ei veke før ferien er over, for å ta siste del. Mobilisering til betongarbeid startar 3. august.

Moloen skal plastrast med storstein etter sommarferien, eit arbeid som skal vera ferdig 15. september.

Steinen er i produksjon på Skaganeset i Sund kommune, og kjem til Os med lekter.

Fri passasje før ferien?
Fredag tar arbeidarane ferie, og før ferien tar dei sikte på å opna for passasje frå Os over anleggsplassen og bort til friluftsarealet i Mobergsvikjo.

- Eg ser det er ein del som legg kveldsturen eller fisketuren til moloen på kveldstid. Har det vore opna for dette?

- He, he, nei det har ikkje det, dei har nok funne ein passasje. Men slike prosjekt verkar ofte som ei magnet på folk, og eg forstår at det er kjekt å bevega seg ut på fjorden på ny molo, seier Eide.

Men det er altså først laurdag 4. juli at det blir opna for at publikum kan kryssa anleggsplassen på veg til Vikjo. Då blir det også opna for å gå ut til moloen.

27. juli byrjar arbeidet igjen, så sundag 26. juli blir siste dag med passasje over anleggsplassen.


midtsiden
Maya Vik og Montée slo blant anna Donkeyboy i kampen om Spellemannspris for beste popgruppe. Det får juryen skryt for.
midtsiden
Sportsjournalist i VG, Gunnar Bøthun, er nøgd med medalje i «det eldsta, det størsta och det lengsta».
Mannen som knuste ei rute i Os sentrum har møtt fram og ordna opp for seg.
midtsiden
Eit snøras sperra i formiddag Øvredalsvegen. Brøytemannskap rykte ut for å rydda.
midtsiden
Osbrua, eller Osøyro bru, skal bli tryggare for både mjuke og motoriserte trafikantar. Denne veka startar arbeidet.
Ein bil gjekk på tomgang på Søfteland i natt. Mannen bak rattet er mistenkt for promillekjøring.
midtsiden
Det største taket i Os, taket på Rema 1000 sitt lager i Ådnadalen, slapp ikkje unna snøskade.
midtsiden
Bortekampen enda med stortap, heime var Os, trass i fleire skadde spelarar, langt betre.
midtsiden
Søviknes fekk fleire utfordringar då han opna musikkbingen på Kuventræ i går. Axelsen hadde dessutan ei overrasking på lur.
Vaktar sprang etter mannen som knuste ei rute i Os sentrum i natt.
midtsiden
I fjor var det ORBO & The Longshots, i år sørgja Maya Vik for Spellemannspris til Os.
midtsiden
Nornen 2 leiar Os si avdeling i serien, Nornen sitt førstelag blei fredag slått av Os i BA-cup.
midtsiden
To osingar inviterer til Os Snow Challange, triksekonkurranse for ski- og snowboardkjørarar på bigjump i Elvebakken.
Fredag henta ambulansen eit overdoseoffer på Lepsøy.
Politiet sendte to personar til legevakt for sjekk etter slåsskamp i Os nord fredag kveld.
midtsiden
Vi fekk sjå Norske Talenter-deltakar Geir Magne Johnsen på skjermen i kveld, men ikkje audition eller resultat.
midtsiden
Kunnskap og kultur: Med quiz på Opus og jam på Bar2Be er torsdagskvelden innhaldsrik på utelivsfronten i Os.
midtsiden
... så ville Os fått operahus. Det nærmar seg generalprøve og premiere på Nor å Ne sin kOSekveld.
midtsiden
2 av 24 lag i Tornado Bergen sin vinterliga er klar for kvartfinale. Begge heiter Lysekloster.
midtsiden
- Vi har kjørt på med snø heile veka, seier Fredrik Tønjum ved Eikedalen Skisenter.
midtsiden
Frå sol til slaps - torsdag ser ut til å bli siste dag med skyfri himmel på ei stund, regn og vind er på veg.

Politiet slo onsdag kveld til mot eit husvære der to ungdomar misbrukte narkotika.

midtsiden
I haust var overgangen nesten ferdig. Kvifor er den framleis ikkje ferdigstilt og i bruk?

Fleire gongar truga han med å drepa mora si. No må osingen i fengsel.

Stein Ove Halhjem var ein av fleire osingar som erstatta advent i heimbygda med tur til Kilimanjaro.
midtsiden
- Det verste innbrotet vi nokosinne har hatt, seier Leif Idar Røen hos Lehrmann's.
midtsiden
Musikkbingen på Kuventræ blir offisielt opna laurdag som kjem. I går var vi med eit ferskt band på øving. Sjå film og fleire bilde.
midtsiden
Motocrosstalentet Marco Matre (15) er på treningsleir med NTG i California. Sjå film og fleire bilde!
midtsiden
Os kommune ba i førre veke osingane sjekka taka sine. Men feiar dei for eiga dør?
midtsiden
Vi har spurt sju bedrifter i Os sentrum om korleis den kalde kvite vinteren har påverka drifta.
midtsiden
For første gong på fleire år stilte Os Kickboxingklubb med deltakarar i noregscup. Det enda med fleire medaljar.
midtsiden
I det som truleg er verdas første løp med pulk kom osingen Thomas Andersen i mål utrulege 11 timar før nestemann.
midtsiden
Os er første stoppestad for vandreutstillinga "Oil Rich N&N". Mange skuleelevar har fått med seg kontrastane mellom Noreg og Nigeria.
midtsiden
I rein Northug-stil spurta Betonggutta sundag inn til plass i TV Norge sin One Call Winter Camp.
midtsiden
Soul, humor, alvor og jazz, støttekonserten i Os kyrkje blei både stemningsfull og innbringande.
Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil (a) midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
Macbox as
mnn (a) macbox.no
drupal cms