Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

Meldte seg

Kjetil Vasby Bruarøy
mandag, mars 8, 2010 - 22:36

Natt til sundag blei eit butikkvindauge i Os sentrum knust. Vaktane på Bar2Be fekk med seg skadeverket og meldte frå til politiet etter først å ha prøvd å få tak i vedkomande sjølv.

Måndag ettermiddag fortel butikksjefen på Instinct, butikken som fekk ruta si knust, at problemet er ute av verda.

- Ein ung mann har, etter først å ha meldt seg til politiet, møtt opp i butikken og sagt at han vil ordna opp etter seg, fortel Steinar Bøe.

- Han forklarte kva som hadde skjedd og har gjort avtale med huseigar om å erstatta ruta.

Det var berre det ytste laget av utstillingsvindauget som var knust. Steinar seier han er glad for at han fekk besøk av personen som knuste ruta.

- Han ser ut til å vera ein veldig sympatisk kar! Det er slik det skal gjerast, om du har vore uheldig eller gjort noko dumt, still opp og ta ansvar, skryt butikksjefen.

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no