Mistenk for narkosal

midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
fredag, juli 16, 2010 - 11:25

Ein mann i 40-åra er mistenkt for kjøp, bruk og sal av narkotika.

Torsdag ettermiddag slo politiet til mot narkomiljøet i Os sentrum. Ei 18 år gamal jente blei tatt med amfetamin og ein mann i 40-åra er mistenkt for både kjøp, bruk og sal av narkotika.

- Mannen blei pågripen og bustaden blei ransaka. Mistenkte blei dimittert etter avhøyr, fortel politioverbetjent Terje Sperrevik.

Vedkomande kan venta seg eit oppgjer med rettsapparatet.

Vinglete kjøring
Torsdag kveld fekk politiet melding om vinglete kjøring. Patruljen var opptatt og fekk derfor ikkje sjekka om føraren var påverka.

- Fredag morgon stoppa vi ein annan som kjørte vinglete. Dette viste seg å vera ein edru turist, seier Sperrevik.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no