Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

Motorsport på vatnet

midtsiden
Os kommune blokkerte i dag vatnet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
fredag, januar 29, 2010 - 15:55
Alt låg til rette for ein dag med motorsport på Ulvenvatnet, men så trekte kommunen løyvet tilbake.

NAF Motorsport Bergen hadde store planar for ein dag med motorsport og opplæring i glattkjøring på Ulvenvatnet laurdag 30. januar.

Løyve til kjøring i utmark/vassdrag var også på plass, men så trekte Os kommune løyvet tilbake.

- Det viste seg at vi ikkje har lov til å skriva ut slike løyve i administrasjonen, det må opp politisk, seier kommunaldirektør Karl Ole Midtbø.

- Vi kunne gjeve løyve til mindre nyttetransport i utmark, men det er klare retningslinjer for denne type ferdsel i utmark, så vi måtte trekka løyvet tilbake.

- Gjev ikkje opp
Initiativtakar Nils Eivind Søfteland seier han er så skuffa at han ikkje har ord.

- Vi er mange som har brukt mykje tid på dette, og endå fleire som har sett fram til arrangementet. Men vi gjev ikkje opp, om det så skal ta ein månad, seier Søfteland til Midtsiden.no.

Sjølv er han aktiv i motorsportmiljøet, og reiser blant anna til Rudskogen og Vålerbanen kvar år.

- Vi er også ein gjeng som kjører løp i Manger sentrum kvart år. Det er eit stort arrangement der dei sperrar av delar av sentrum for annan trafikk.

- Har du også kjørt bil på islagte vatn før?

- Ja. Det er eit stykke å reisa, men ein som driv noko som heiter Hebbes Racing har kjøring på eit vatn i Sigdal.

Trygg is?
Søfteland har målt isen på Ulvenvatnet til 30 cm, og skulle måla igjen i dag for å sjå om alt var trygt for morgondagen.

Kommunaldirektør Midtbø er tydeleg på at kommunen ikkje vil stilla noko garanti når det gjeld trygg is.

- Isen er ein variabel, den kan vera trygg nokre plassar og utrygg andre plassar. Det skal ei god utgreiing til for å garantera at isen er trygg, så den delen må i så fall arrangørane stå for, om dei klarar å skaffa seg løyve.

Annonse

Relaterte saker

Kommentarer

Slutt med sutringo!

Slutt å sutra! Til og med han fra Sigdal - som er ekspert på iskjøring - seier at han ikkje brukar isen dersom han er 45 cm. tjukk!

med mildveret og alt som har vert no i det siste, så nekter eg å tru at isen er så tjukk på ulvenvatnet!

Koffor kan dåkke ikkje berre kjøre på ulvensletto? eller i molladalen?

Av tombar 01/30/2010 - 11:21

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no