|
Gjest
søndag, april 18, 2010 - 21:32
|
Det vart Gloppen som trakk det lengste strået i kampen om opprykket, men Os har vore det beste laget når dei to laga har møttes. Slik vart det også sundag.
Hadde full kontroll
- Vi hadde full kontroll dei fyste 20 minutta og leia med fire mål, men så byrja vi gjera ting ein og ein i staden for å spela som eit lag. Dermed vart det uavgjort til pause, fortel Ostrenar Leif Idar Røen.
I andre omgangen var det igjen eit samla Oslag som sto på banen. Med det tok dei igjen kontrollen og beholdt den omgangen ut. Gloppen klarte aldri å koma på talefot med Osingane.
Strålande comeback
Frode Vindenes gjorde eit strålande comeback på handballbanen. Han har vore i Australia i samband med studier, men returnerte til Os i vinter. Etter å ha vore med på treningar ein måneds tid entra han igjen parketten for Os. Saman med dei andre veteranane, Trygve Dahl, Ove Lyssand og Tor Inge Myklebust Lie, stogga han dei fleste av Gloppenspelarane når dei freista å koma gjennom midtforsvaret.
Klare for sluttspelhelg
Med sigeren over Gloppen er Os no klare for sluttspelhelga 7. og 8. mai i Askøy Forum. Der møtar dei vinnaren av oppgjeret mellom andredivisjonsklubbane NHHI og Solid i semifinalen fredag kveld. Går det vegen er det finale laurdag kor vinnaren får ein sjekk på femtusen kroner.
Os – Gloppen 28 – 24 (12 – 12)
Utvisningar: Os 2 x 2 min, Gloppen ingen
Os sitt lag (mål i parentes): Einar Godø, Frode Vindenes (7), Ove Lyssand (1), Jørgen Wold (6), Øystein Vindenes (2), Erik Vågen, Stian Hjertholm, Joakim Blostrupmoen (2), Trygve Dahl (1), Håvard Brattabø (1), Tor Inge Myklebust Lie (5), Ørjan Borgen, Daniel Røen (3).
