Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

- Noreg på villspor

midtsiden
Vedlikehald av Noreg var tema for Jensen sin tale laurdag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
mandag, mars 15, 2010 - 10:52
- Kva skal vi etterlata oss for komande generasjonar? Eit sarva samfunn og nokre milliardar på bok? spurte Siv Jensen på Solstrand laurdag.

I helga var Framstegspartiet sin hovudorganisasjon med partileiing, ordførarar og alle fylkeslag samla på Solstrand.

Innleiinga med partileiar Siv Jensen laurdag formiddag var open for pressen.

Vil vedlikehalda Noreg
Jensen brukte talen sin til å fnysa av regjeringa si "storsatsing" på veg.

- På Tryvge Brattli si tid hadde Ap ambisjonar om at Noreg med tida ville få over 700 kilometer med motorveg. Veit de kor mange kilometer regjeringa vil bygga i år? Dei kjem ikkje herfrå til Bergen ein gong, sa Siv og hausta applaus og latter frå salen.

Så viste ho til eit avisoppslap med tittelen "Norge på villspor". Den handla om manglande vedlikehald av vegnett og jernbane.

- Dette veit regjeringa om, men dei gjer lite med det. Kva skal generasjonane som kommer etter oss med nokre milliardar på bok om vegnettet er skralt og toga aldri er i rute? spurte ho.

Uformelt og lærerikt
Ordførarane frå Bergen og Os, Gunnar Bakke og Terje Søviknes, sat saman på bakerste rad.

- Vi har vore samla på Solstrand fleire gongar, men dette er andre gong vi kallar det Solstrandskonferansen, fortel Terje Søviknes.

Han fortel at store delar av møtet, som går frå fredag til sundag, handlar om arbeid i grupper ut frå kva rolle kvar enkelt har i partiet.

- Dette er lærerike og gode møter, eit fint tillegg til landsmøta og ein god arena for uformell prat og erfaringsutveksling, seier Gunnar Bakke.

Aamodt sto for motivasjonen
Førre Solstrandskonferanse handla mykje om det den gong komande valet. I år førebur dei seg på kommune- og fylkestingsvalet i 2011, med motivasjon og strategi som tema.

- Tidlegare nestelair Tor Mikkel Wara kjem for å halda foredrag om strategi, Kjetil André Aamodt skal halda foredrag om motivasjon for oss, sa Søviknes til Midtsiden.no laurdag.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no