Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

Nye impulsar

midtsiden
Frå Impuls i Oshallen i 2009. (Pressefoto)
Kjetil Vasby Bruarøy
onsdag, februar 10, 2010 - 14:41
Impuls samlar kvart år rundt 5000 unge kristne til konferanse i fire norske byar. Bergenskonferansen går som i fjor i Oshallen.

− Impuls er ein konferanse med undervising, aktivitetar, musikk og song, og for tilreisande ungdom, overnatting og mykje tid til å vera saman med venar, seier styremedlem i Impuls Norge og ansvarleg for arrangementet på Os, Kristian Bjørkhaug.

Starta i Stavanger
Impuls har utspring frå ungdomsarbeidet PULS i IMI-kyrkja i Stavanger. I 2004 utvida Impuls til Trondheim, Tromsø og Os, der Os førebels er det minste arrangementet.

− I Stavanger er dei godt etablert med rundt 2500 deltakarar, i Os hadde vi 150 deltakarar og 70 medarbeidarar i fjor.

Arrangementet i Oshallen er for heile regionen, og dei 130 tilreisande overnatta i fjor på Kuventræ skule og Os vidaregåande skule.

− Arrangementet gjekk veldig fint, vi har vore heldige å få bruka så gode fasilitetar som de har på Os.

Tydeleg kristen
På Impuls kan deltakarane, som i hovudsak er mellom 13 og 19 år, sjølv bestemma kva seminar på programmet dei ønskjer å vera med på.

− Vi underviser i tema som er aktuelle for ungdomen og har fokus på det å leva eit tydeleg kristent liv i kvardagen. Samstundes som vi fortel om kva kyrkja står for vil vi visa stor respekt for individuelle standpunkt og meiningar.

Sjølv om kyrkja har ein generell nedgong når det gjeld unge aktive kristne, har oppslutnaden om Impuls vore god.

− Det er tydelegvis stor etterspurnad etter slike samlingar og seminar der vi tar opp tema som ungdomen er opptatt av, seier Bjørkhaug.

Impuls finn stad i Oshallen frå 12. til 14. februar. Du kan lesa meir om arrangementet på impulsweb.no.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no