|
Kjetil Vasby Bruarøy
torsdag, mars 11, 2010 - 08:35
|
Tidlegare i år blei det klart at Terje Hjertnes overtar hovudansvaret for fotballgruppa i Os Turn etter Leif Gunnar Borgen. Borgen, som har leia fotballgruppa gjennom opprykk i 2006, nedrykk i 2008 og dobbelt opprykk i 2009, ei dynamisk tid for Os-fotballen, skal ha signalisert allereie for eit år sidan at han ville overlata ansvaret til andre.
- Den gong fann vi ikkje arvtakar. I år hadde eg sjølv førebudd meg på å få andre til å ta over mitt verv som formann for hovudstyret, men takka ja til valkomiteen sitt spørsmål om eg ville ta over fotballgruppa, seier Terje Hjertnes.
Ny inndeling
Hjertnes ser på det å halda økomomien i fotballgruppa stødig som ei av dei viktigaste oppgåvene i ny rolle.
- Nytt i år er at fotballgruppa er delt i to, eit styre for breidde og eit for topp. Vi jobbar saman, dei jobbar saman, men med kvar sine budsjett. Slik får vi fleire inn til å ta eit tak og betre kontroll.
Samstundes har fotballgruppa eigen dagleg leiar. A-lagstrenar Frank Hellevik fungerer godt også utanfor banen.
- Frank er entusiastisk og energisk. Vi samarbeider tett, og vi er nøgd med status ein god månad før sesongstart.
A-laget opnar sesongen med heimekamp mot Kjelsås laurdag 17. april.
Arvtakar frå same nabolag
Terje Hjertnes, som er far til Os-spelar Torkel og handballjentene Emilie og Madeleine, bur i Furulunden i eit hus med god utsikt over Kuventræ. Det gjer også mannen som måndag blei valt til å overta Hjertnes si rolle som formann i hovudstyret, Håkon A. Egeberg Johansen.
- No kan vi, saman med alle dei andre som står på for Os Turn seint og tidleg, halda eit godt auge med anlegget og aktivitetane, seier Terje.
Johansen, som opprinneleg er frå Egersund, var først i Os som offiser i Ulven leir då den framleis husa rekruttskule. Seinare flytta han tilbake og no har han funne ein måte å engasjera seg i sitt lokale idrettslag på.
- Eg synes det er naturleg å gjera ein dugnadsinnsats for idrettslaget, spesielt sidan ungane våre er medlemmar i turngruppa og fotballgruppa. Eg jobbar som HR-sjef for Kavli og er ein del på jobbreise. Derfor passar det betre for meg å ha styreverv enn for eksempel vera trenar, seier han.
Han har ikkje berre bakgrunn frå høgskule og forsvar, han har også spelt fotball på Kuventræ, mot Os, tidleg på 80-talet.
- Eg hugsar ikkje resultatet, men eg trur vi spelte i 2. divisjon og turane frå Egersund til bergensområdet var som oftast tøffe, fortel han.
Vil ha kommunen meir med
At Os Turn har over 1200 medlemmar får Johansen til å tenka over kor viktig arbeid mange frivillige gjer.
- Då meiner eg først og fremst dei som er i fronten, foreldre som brukar fleire dagar i veka på å trena unge spelarar og ta laga med på kamp. Dette er ein meiningsfull måte å bruka fritida si på, samstundes som det er ein stor innsats for lokalmiljø og oppvekstvilkår.
Noko av det han vil bruka tida for Os Turn på er å koma i tettare dialog med Os kommune om engasjement i det store idrettslaget. Det vil også Terje Hjertnes.
- Oppgradering av anlegget vårt er noko av det eg har vore opptatt av og jobba mykje med. Kanskje får vi til å involvera Os kommune endå meir i det vi jobbar med på Kuventræ, seier Terje Hjertnes.
