|
Kjetil Vasby Bruarøy
torsdag, mars 11, 2010 - 11:47
|
Har du hatt båten på sjøen gjennom vinteren bør du kanskje sjå til den noko oftare. Det er også hjelp i om folk som bur nær båthamner er ekstra vaken på kva som skjer ved sjøen, den siste tida har det nemleg vore fleire tjuveri i skjergarden i nabokommunane til Os.
I starten av februar var det eit raid i 20 småbåtar på Håkonshella, natt til i dag var det nytt raid i same område og for eit par dagar sidan blei det stole tre påhengsmotorar på Tysnes.
Det er bt.no og Tysnesingen som skriv om tjuveria.
