Oljesøl i Oselvo

midtsiden
Politi og brannvesen var i dag på plass på Søfteland for å finna kjelda og hindra meir spreiing av oljesølet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
torsdag, juli 15, 2010 - 18:12

Oselvo er forureina av noko som liknar oljesøl. Politiet jaktar framleis på kjelda.

Klokka 13.15 torsdag kom melding om mogleg bensinsøl i Oselvo.

- Meldar sa han såg skimmer og at det lukta bensin frå elva, fortel brannsjef Stein Gjøsund.

Fann søl i sidebekk
Meldinga kom frå Søfteland og brannvesenet rykte derfor først ut til bensinstasjonen Er-An på Røykenes.

- Her var det ikkje noko søl, så vi jobba oss nedover til baksida av bygningen som husar blant anna frisørsalong og pizzarestaurant, mellom skulen og butikken.

Her fann dei både restar etter søl og ein sidebekk frå denne bygningen og ned i elva som også hadde flak med tjukk olje i seg.

Sperra av
Brannvesenet har no sperra av elva med tre absorberande lenser.

- Desse ligg i overflata og er utan skjørt. Førebels skal dei ligga til måndag og vi har folk i nærområdet som skal følgja med dei.

- Det er tragisk med slikt søl i Oselvo. Kjem det mykje regn må vi vurdera å fjerna lensene, så ikkje dei uroar laksen på veg opp.

Uviss mengde og kjelde
Politiet har førebels ikkje funne kjelda til forureininga.

- Vi har vore i samtale med fleire som driv næringsverksemd langs elva på Søfteland, men veit dessverre ikkje kvar det stammar frå, seier politibetjent Pål Christensen.

Kva mengde det er snakk om, og kor lang ned i elva det er spor etter sølet, er også uvisst.

Oljesølet blei spora til denne sidebekken av Oselvo. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Brannvesenet har no lagt ut tre absorberande lenser over elva. (Foto: Os brannvesen)

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no