|
Kjetil Vasby Bruarøy
mandag, februar 22, 2010 - 19:47
|
Måndag ettermiddag blei to personar skadd i kollisjon mellom buss og personbil ved Liafjellstunnellen på E39. Begge sjåførane var åleine i sine kjøretøy. Bussjåføren blei lettare skadd i ein fot medan føraren av personbilen fekk skade i hovudet.
- Vi seier førebels ikkje noko til media om tilstanden til mannen, sa kommunikasjonsrådgjevar i Helse Bergen Therese Trandem til Midtsiden.no i 18-tida måndag.
Dødsulykke
Seinare måndag kveld stadfestar politiet at føraren omkom i ulykka.
- Det var ei dødsulykke. Eg kan ikkje stadfesta kjønn eller alder, for vedkomande er ikkje offisielt identifisert. Men vi har varsla pårørande ut frå dei opplysningane vi har, seier operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt Preben Wallestad til Midtsiden.no.
Ulykka skjedde i kraftig snøvêr på ekstremt glatt føre. Bussen frå Tide hadde retning nord og personbilen retning sør då dei kolliderte.
Først på staden
Brannsjef Stein Gjøsund var første redningsmann på staden etter ulykka, som blei varsla klokka 14.45.
- All trafikk var stoppa opp, folk såg nok alvoret i situasjonen. Ved personbilen sto ein tidlegare brannmann, fortel Gjøsund.
Brannvesenet brukte rundt 6 minutt på å klippa bilføraren laus frå vraket. Etter dette gav dei pasienten førstehjelp fram til lege, og seinare, ambulanse, kom til staden.
Opptatt ambulanse
Os-ambulansen var opptatt og snøvêret gjorde at luftambulansen ikkje kunne fly.
- Heldigvis har vi first-responder-teneste i Os og brannbetjent med sjukepleiarbakgrunn i troppen. I tillegg kom lokal lege til staden. Politiet, som alltid er leiar for skadestaden, gjorde også ein veldig god jobb, synes brannsjefen.
I ettermiddag har dei til saman 12 brannbetjentane som rykte ut på ulykka samla seg for debriefing.
Både ulykkeskommisjonen til Statens vegvesen, kriseleiinga i Tide og vegtrafikksentralen blei varsla kort tid etter ulykka. Halhjemsvegen er i skrivande stund framleis stengt grunna etterforsking.
Under kan du sjå film frå ulykkesstaden. Foto: Varde Film & Media
