|
Gjest
fredag, februar 12, 2010 - 13:50
|
Publikum fekk med seg alt frå opera gjennom Nils (11) si vakre tolking av Pie Jesú og forskjellige ABBA-låter av ei rekkje ungjenter, til ei hyllest av Michael Jackson frå Kristoffer (14) som song Beat It.
Talentiaden er eit samarbeid mellom Fjordline og Amfi-kjeda der vinnarane på Os gjekk vidare til ei superfinale om bord i Fjordline sin båt helga 5. og 6. mars. Konkurransen på Os var den første av fire delfinalar. Dei andre går på Voss, Stord og i Åkrehamn.
Her er alle vinnarar
- Dette skal væra ei snill talentkonkurranse der ungane skal få prøva seg framfor eit publikum utan noko form for press. Derfor er det ikkje publikum eller snakk om noko X-ing, men ein snill jury som bestemmer kven som skal få Danmarkstur, forklarar søftelendingen Kenneth Smørdal frå arrangøren.
Og vinnarane frå Os blei dei to innslaga som skilde seg mest ut – Nils med Pie Jesú og Kristoffer med Beat It.
Sjå bilde av deltakarane nedanfor.
