|
Kjetil Vasby Bruarøy
mandag, mars 15, 2010 - 11:35
|
- Vi kan koma til å stenga vegen igjen på kort varsel, understrekar brannsjef Stein Gjøsund.
Måndag i førre veke sperra eit ras fem meter av vegen, onsdag ettermiddag blei 40 meter sperra av snø. Vegen blei stengt, opna igjen torsdag morgon for så å bli stengt igjen på ubestemt tid torsdag ettermiddag.
To ras fredag
Os kommune har både heldt kontakt med dei åtte husstandane som var isolert, og heldt auge med forholda i fjellet langs Øvredalsvegen desse dagane.
- Det har gått fleire ras etter torsdag, to av dei sperra vegen. Vi ser også at nokre av rasa har starta langt oppe mot toppen, seier Gjøsund.
Stabilt
I går var han på synfaring saman med andre frå Os kommune, og geolog frå Norconsult. Dei vurderte det slik at forholda no har stabilisert seg, og at vegen kan opna igjen.
- Men om forholda endrar seg kan vi koma til å stenga vegen igjen på kort varsel.
Frysen full
Nokre av dei som bur i Øvredal var på jobb og skule då vegen blei sperra torsdag. Dei heldt seg utanfor det stengte området, og overnatta hos venar og familie. Dei andre blei isolert.
- Eg personleg har snakka med om lag alle, og dei fekk eit nummer å ringa om dei trengte assistanse eller proviant. Dei har tydelegvis hatt nok mat i frysen, for vi har ikkje supplert dei med noko som helst, seier Gjøsund.
