På Afrikas tak

Stein Ove Halhjem (t.h.) og broren Arne på Kilimanjaro, 5.895 meter over havskorpa. (Privat foto)
Stein Ove Halhjem var ein av fleire osingar som erstatta advent i heimbygda med tur til Kilimanjaro.

Lesarar på tur: Midtsiden.no inviterer deg til å dela dine reiseopplevingar med andre lesarar.
Anten du har hatt ein tur til Geilo eller Kreta, til Island eller Thailand, er du velkomen til å senda oss dine erfaringar og bilde. Les meir om dette her.

Vi kjem med reiserapportar frå surfetur til Danmark, strandliv i Barcelona, landsbyliv i Brasil, storbyferie i Roma og safari i Afrika. Først ut som «Lesar på tur» er Stein Ove Halhjem, som saman med andre osingar tok seg til toppen av Kilimanjaro, Afrikas høgaste fjell, i desember i fjor.

På toppen av Afrika

Det skal vera 150 til 200 år sidan Kilimanjaro, Afrikas høgaste fjell (5.895 moh) var ein aktiv vulkan. I dag er den inaktiv, men ikkje utdøydd. Gassar kjem framleis opp frå toppen av Kibo, målet for mange som tar turen til området nordaust i Tanzania.

- Under halvparten av dei som prøver når toppen. I laget som kom etter oss var det berre ein av tre som klarte det, fortel Stein Ove Halhjem.

SJÅ FLEIRE BILDE FRÅ TUREN NEDERST I ARTIKKELEN

Sendte broren i hardtrening
Direktøren for Vestfjell AS ville prøva noko anna, ein liten ferie frå det ravle A4-livet, og såg seg ut Kilimanjaro som reismål og utfordring.

- Eg skulle gjerne hatt kona med, men ho har dårlege kne, så då spurte eg storebror min Arne. Han meinte at han ikkje var i god nok form, men då eg sa at han hadde eit år på seg gjekk han rett i hardtrening.

Tur frå Traa
Halhjem har følgt med på Jarle Traa, den kjente klatraren og ekspedisjonsleiaren som blei endå meir kjent då han overlevde 70 timar i dødssona på Mount Everest.

- Vi bestilte tur hos Traa, og det var han som heldt informasjonsmøtet med oss før avreise. Han skulle også vera guiden vår, men ei jente frå Trøndelag, Anna, steppa inn.

Møtte Døsen på Flesland
Før avreise hadde brørne Halhjem høyrt rykte om at det var fleire osingar som skulle vera med på same tur, og på Flesland møtte dei ekteparet Inger og Arne Døsen.

- Eg har drøymt om ein tur til Kilimanjaro i mange år, og no hadde vi funne ut at det var på tide. Vi skulle eigentleg reisa i januar, men så blei turen slått saman med desemberavreisa, seier Arne Døsen.

Kos i campen
Dei fire osingane hadde selskap av eit par frå Hemsedal, og den vesle gruppa på sju nordmenn, inkludert guiden, starta turen første morgon etter ankomst.

- Men vi gjekk ikkje heilt åleine, vi hadde 29 bærarar med oss. Det verka råflott, men slik var opplegget.

Nordmennene gjekk med tursekkar medan dei innfødde sprang i forkant med 20 kg kvar på ryggen.

- Då vi kom fram til ny camp hadde dei allereie sett opp telt og lagd klar mat. Vi overnatta i tomannstelt, men om kvelden sat vi samla i sjumannstelt.

- Vi var heldige som reiste med ei lita gruppe, desse stundene i teltet var veldig hyggelege, synes Stein Ove.

Regn, snø, skodde og høgdesjuke
Vêret kan vera ustabilt i denne delen av Afrika. Morgonen er flott, men frå 9-10 av veit du aldri kva som skjer.

- Vi opplevde både solskin, regn, skodde og snø. Nokre av oss reagerte også med litt hovudverk og kvalme då vi kom i høgda, men det var ikkje noko å gjera med.

- Men vi var veldig samla i gruppa, om målet og toppen. Alle skulle opp, og eg og Døsen var mest ivrige, eg trur vi hadde fått oss kvar sin porsjon med deprisjon om ikkje vi hadde klart det.

Gjekk heile natta
Målet var å nå toppen om morgonen, for å få med seg den flotte soloppgangen frå toppen av Afrika.

- Vi gjekk store delar av dagen før vi tok fire timar pause. Så byrja vi å gå igjen i 22-tida om kvelden, og gjekk heile natta mot toppen. 7. desember klokka 06.15 var vi der, i 20 minusgradar, på 5.895 meters høgde. Det var ei god kjensle!

Etter å ha klatra 1100 høgdemeter var det nok med 15 minutt på toppen. Så bar det nedover igjen.

- Eg trur metoden til Traa er ein viktig årsak til at han får så mange til toppen. Før siste etappe var vi tre dagar på tilvenning til høgda, på rundt 4000 meter over havet. Herfrå gjekk vi opp 500-600 meter, så ned igjen til teltet. «Gå høgt, søv lågt», som klatrarane seier.

Safari, badeferie - og meirsmak
Etter to dagar var gruppa nede igjen på 1800 meter, der turen starta. Så venta to dagar med safari. Etter å ha sett blant anna løve, gnu, giraff, geoard og neshorn reiste dei fleste heim.

- Eg og Inger reiste til Zanzibar og fekk oss fire dagar med bading og avslapping før vi reiste heim for å førebu oss på julefeiring, fortel Arne.

Både Halhjem og Døsen trur det kan bli fleire aktive feriar i framtida.

- No er det ein del norske toppar eg ikkje har vore på, men det er også fleire utanlandske fjellturar som kan bli aktuell. Det er kanskje ikkje så lenge til eg prøver å koma meg høgare enn 6000 meter over havskorpa, seier Stein Ove Halhjem.

Fakta om turen
Avreise: 1. desember 2009
Tilbake i Os 12. desember
Reiserute: Bergen-Amsterdam-Kilimanjaro
Førebuing og tips: Hugs vaksine og visum. Du bør vera i grei form og vant med å gå i fjellet. Når gjeld pakking og klede er ikkje det nest beste godt nok, du skal bevega deg frå shorts og varme til skodde, snø og kulde. Ta med humor og sosiale antenner, gruppa bur tett.
Pris: Cirka 35.000 kroner. Då er det meste inkludert.

Eksterne lenkjer:
Referat frå turen, jarletraa.no
Kilimanjaro på Wikipedia


Emne:

Kommentarer

Godt å se at det er flere

Godt å se at det er flere osinger som har tatt turen opp dit:) stod selv på toppen der den 24 november 09:) helt fantastisk følelse:)

Av Helen 01/24/2010 - 13:25

midtsiden
Søviknes fekk fleire utfordringar då han opna musikkbingen på Kuventræ i går. Axelsen hadde dessutan ei overrasking på lur.
Vaktar sprang etter mannen som knuste ei rute i Os sentrum i natt.
midtsiden
I fjor var det ORBO & The Longshots, i år sørgja Maya Vik for Spellemannspris til Os.
midtsiden
Nornen 2 leiar Os si avdeling i serien, Nornen sitt førstelag blei fredag slått av Os i BA-cup.
midtsiden
To osingar inviterer til Os Snow Challange, triksekonkurranse for ski- og snowboardkjørarar på bigjump i Elvebakken.
Fredag henta ambulansen eit overdoseoffer på Lepsøy.
Politiet sendte to personar til legevakt for sjekk etter slåsskamp i Os nord fredag kveld.
midtsiden
Vi fekk sjå Norske Talenter-deltakar Geir Magne Johnsen på skjermen i kveld, men ikkje audition eller resultat.
midtsiden
Kunnskap og kultur: Med quiz på Opus og jam på Bar2Be er torsdagskvelden innhaldsrik på utelivsfronten i Os.
midtsiden
... så ville Os fått operahus. Det nærmar seg generalprøve og premiere på Nor å Ne sin kOSekveld.
midtsiden
2 av 24 lag i Tornado Bergen sin vinterliga er klar for kvartfinale. Begge heiter Lysekloster.
midtsiden
- Vi har kjørt på med snø heile veka, seier Fredrik Tønjum ved Eikedalen Skisenter.
midtsiden
Frå sol til slaps - torsdag ser ut til å bli siste dag med skyfri himmel på ei stund, regn og vind er på veg.

Politiet slo onsdag kveld til mot eit husvære der to ungdomar misbrukte narkotika.

midtsiden
I haust var overgangen nesten ferdig. Kvifor er den framleis ikkje ferdigstilt og i bruk?

Fleire gongar truga han med å drepa mora si. No må osingen i fengsel.

Stein Ove Halhjem var ein av fleire osingar som erstatta advent i heimbygda med tur til Kilimanjaro.
midtsiden
- Det verste innbrotet vi nokosinne har hatt, seier Leif Idar Røen hos Lehrmann's.
midtsiden
Musikkbingen på Kuventræ blir offisielt opna laurdag som kjem. I går var vi med eit ferskt band på øving. Sjå film og fleire bilde.
midtsiden
Motocrosstalentet Marco Matre (15) er på treningsleir med NTG i California. Sjå film og fleire bilde!
midtsiden
Os kommune ba i førre veke osingane sjekka taka sine. Men feiar dei for eiga dør?
midtsiden
Vi har spurt sju bedrifter i Os sentrum om korleis den kalde kvite vinteren har påverka drifta.
midtsiden
For første gong på fleire år stilte Os Kickboxingklubb med deltakarar i noregscup. Det enda med fleire medaljar.
midtsiden
I det som truleg er verdas første løp med pulk kom osingen Thomas Andersen i mål utrulege 11 timar før nestemann.
midtsiden
Os er første stoppestad for vandreutstillinga "Oil Rich N&N". Mange skuleelevar har fått med seg kontrastane mellom Noreg og Nigeria.
midtsiden
I rein Northug-stil spurta Betonggutta sundag inn til plass i TV Norge sin One Call Winter Camp.
midtsiden
Soul, humor, alvor og jazz, støttekonserten i Os kyrkje blei både stemningsfull og innbringande.
Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil (a) midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
Macbox as
mnn (a) macbox.no
drupal cms