Kvinna som opplevde å bli truga med pistol på bensinstasjonen til Lyssand Bil var åleine på jobb då ranet skjedde, men ho var ikkje åleine på stasjonen.
- Vi har hatt avhøyr av fleire vitne, folk som var på stasjonsområdet då ranet skjedde, sa politioverbetjent Terje Sperrevik til Midtsiden.no i natt.
Stakk av
Sperrevik vil ikkje seia om desse personane var inne i kiosken eller ute på stasjonsområdet.
- Var ranaren åleine?
- Ut frå dei opplysingane vi har så var han åleine, i alle fall på stasjonen. Han skal også ha kome seg vekk frå området til fots.
Kunde var vitne
Innehavar Gunnar Lyssand er på reise, men sonane, som begge er involvert i drifta, var på plass etter ranet sundag kveld.
- Det var éin kunde i kiosken då ranet skjedde, også det ei kvinne, seier Torgeir Lyssand.
- Lite attraktiv
Torgeir seier han er glad for at den tilsette gjorde som ranaren sa, gav frå seg pengar og let han stikka av.
- All omsetnad av drivstoff skjer på pumpene, i kassen har vi berre kiosk. Dessutan går det mykje i betaling med kort, så vi burde vera lite attraktiv som ransobjekt. Ranaren fekk også berre med seg småpengar, kanskje nokre få tusen kroner.
- Men det er irriterande at nokon oppfører seg så brutalt for småpengar. Sjølv om det berre er å gje pengane frå seg, er det nok ei svært ubehageleg oppleving å bli rana, spesielt når du blir truga med våpen.
Held ope
Dagen etter ranet er Uno X open som normalt.
- Vi skal ha eit personalmøte i dag og snakka ut om det som skjedde. Men stasjonen er open som vanleg, seier Torgeir Lyssand.
Sjeldan vare
Det er sjeldan det blir utført ran i Os. Sist vi kan hugsa var då Drageset Super Spar i Industrivegen, som no heiter Meny, blei rana av ein maskert mann som stakk frå staden på motorsykkel.
Ranaren brukte teip til å festa dei tre tilsette med før han stakk frå staden. Ranaren blei ikkje tatt.
Slik skal ranaren av Lyssand Bil sjå ut:
• 25-30 år
• 170 cm høg
• Tynn, kvit i huden med rødleg skjer
• Kort glatt hår og utan skjegg
• Iført svart finlandshette, svart jakke og svart bukse.
Væpna politi og hundepatrulje søkte natt til til måndag etter ranaren og spor etter ranaren. Politiet vil ikkje ut med om dei fann noko, eller om dei har andre spor i saka.
Sjå hundepatruljen i aksjon i 23.30-tida sundag kveld. (Foto: Varde Film og Media)


































































