|
Kjetil Vasby Bruarøy
søndag, mai 10, 2009 - 22:39
|
Stig Øvreeide (41) måtte sy fire sting under auget etter at han blei slått ned utanfor Da Vinci natt til sundag.
- Eg hadde vore på konsert med ei venninne. I 3-tida møtte eg nokre ungdomar utanfor Da Vinci. Eg sa "hei" til dei, men han eine svarde "hald kjeft". Så snudde han ryggen til meg.
- Eg pikka han på skuldra, og då snudde han seg og slo så eg ramla i bakken, fortel Stig.
Stakk av
41-åringen gjekk i bakken. Då han kom til seg sjølv igjen såg han at ungdomen som slo stakk av.
- Han hadde hette på seg, og sto saman med nokon. Det var ikkje mange folk der, men eg håpar nokon veit kven han er så dei kan tipsa politiet, seier offeret.
I morgon skal han på lensmannskontoret for å melda valdsepisoden.
Ikkje redd
Sjølv hadde Stig mykje blod på genseren. Ei dame han kjenner kom til for å hjelpa, og fekk han med til lokal legevakt. No har han fire sting under venstre auge.
Stig er ein sosial mann som liker godt å gå på konsert. Kvelden i går hadde han sett fram til lenge, men den enda dårleg, og dagen i dag har heller ikkje vore god.
- Har noko slikt skjedd med deg før?
- Nei. Eg har aldri blitt slått før.
- Kjem dette til å gjera at du blir redd for å gå på konsert?
- Nei. Det var dumt det som skjedde, men eg må kunna gå på konsert utan å vera redd, meiner Stig Øvreeide.
Os lensmannskontor sitt telefonnummer er: 56303900.

Kommentarer
Skjønner at personen reagerte slik. Noen burde fulgt han
- logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
Av treskap 05/12/2009 - 01:11Håper virkelig de tar den taperen som gjore dette mot deg stig.
- logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
Av sharken85 05/11/2009 - 01:16Tipper at det er en vårkåt 18-19 åring som skal tøffe seg... Håper han får straff som fortjent og vel så det
- logg på eller opprett en konto for å skrive kommentarer
Av SixSixSix 05/10/2009 - 23:42