|
Kjetil Vasby Bruarøy
lørdag, februar 27, 2010 - 21:58
|
I dei to siste kampane har Os møtt dei to laga øvst på tabellen. Både borte mot Stord førre laurdag og heime mot Jotun i dag klarte Os seg bra, men ingen av oppgjera enda med poeng.
- Eg er nøgd med at vi leia og styrte kampen i 45 minutt. I siste del av kampen tok kreftene slutt, og det blei nokre feilpasningar og feilvurderingar som gjorde at gjestane tok over, seier trenar Kenneth Husebø.
10-5 og 16-14
Os leia og styrte det meste av kampen mot tabelltoaren. På det meste leia dei med fem mål, 10-5, og til pause låg dei også framfor, 16-14.
- Trine Balland gjorde ein svært god jobb då ho tok ut det som kanskje er den beste spelaren i 2. divisjon, Marianne Øren. I tillegg var Irene veldig god, med 12 skåringar.
Men på 21-20 var det slutt på leiinga til heimelaget. Jotun gjekk forbi og vann til slutt med sju mål, 26-33.
Os - Jotun: 26-33 (16-14)
Os sine målskårarar: Irene Tangerås 12, Maria Stangeland Lunde 4, Ingvill Hefte 3, Hilde Kristine Røttingen 2, Trine Balland 2, Elise Hjelle 2 og Tonje Hjertnes 1
Os spelar også neste kamp på heimebane, mot Bjørnar 2 laurdag 6. mars kl 16.30. Os tapte bortekampen mot Bjørnar 2 heile 32-14, Bjørnar 2 ligg i skrivande stund på 5. plass på tabellen, 9 poeng framfor Os (som har blitt frådømt 4 poeng).
