Skårar mest

midtsiden
Lysekloster er på stødig kurs mot nok eit opprykk. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
onsdag, juni 30, 2010 - 09:44

Lysekloster vann 9-0 i siste kamp før ferien, og er einaste lag i Hordaland som har skåra over 50 mål i vårsesongen.

Ramsøy hadde berre sleppt inn 5 mål til saman før dei tok imot Lysekloster til siste runde før ferien. Allereie til pause sto det 0-5, og gjestane frå Lysefjorden enda med å vinna 0-9.

Målskårarar: Ole Jørgensen 4, Thomas Greipsland 2, Morten Buvik, Morten Sæthre og Sven-Erik Gabrielsen

- Lysekloster Fotball er i rivande utvikling og byrjar å bli lagt merke til i bergensfotballen, seier trenar Ørjan Sandal.

- A-laget vårt er det einaste laget i Hordaland på seniorsida herrer, uansett nivå, som har skåra over 50 mål i vårsesongen. Vi er også det einaste laget i Os kommune som fram til sommaren ikkje har tapt ein einaste kamp.

Sandal trur dessutan at Lysekloster sit på ein riksdekkande rekord.

- Vi er nok det einaste laget i Noreg som har slått laget som ligg på andreplass på tabellen med tosifra antall skåringar.

- Kva er det som gjer Lysekloster så effektive?

- Vi er ikkje spesielt effektive, vi burde faktisk ha skåra endå meir. Men vi skapar veldig mange sjansar og det gjer vi fordi vi spelar angrepsfotball med fokus først og fremst på å skåra mange mål. Eg meiner det er betre å vinna 5-2 enn 3-0. Vi er trygg i kynisk bak, der angrepet ofte startar, og har stor fart i det vi gjer framover.

- I tillegg er spelarane gode på å gjera kvarandre gode, og å følgja det faste speleopplegget som vi har.
Her kommer de 5 spillerne som har stått for flesteparten av scoringene til Lysekloster i vårseongen:

Lysekloster A-lag sine toppskårarar til no:
Thomas Greipsland 17
Ole Jørgensen 8
Joakim Hovden 7
Morten Buvik 5
Morten Sæthre 4

Lysekloster er nyopprykka i 6. divisjon og sikter seg inn på nytt opprykk i år. Dei ligg godt an.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no