|
Kjetil Vasby Bruarøy
torsdag, mai 13, 2010 - 21:48
|
Onsdag 12. og torsdag 13. blei alle dei første rundane i NM spelte. Os tapte bortekampen mot Fyllingen på straffekonkurranse, men to andre osingar fekk, ikkje overraskande, noko å gleda seg over.
Bjarte Haugsdal skulle spela på venstre kant for Brann i kampen mot Arna-Bjørnar, men blei sjuk og måtte stå over. Brann vann 2-0 over 3. divisjonsklubben.
Løv-Ham spelte mot byrival Hovding, også det eit 3. divisjonslag. Dei vann meir komfortabelt, 4-0. Osingen Mats Cato Moldskred skåra det første målet i 14. minutt.
Andre Hordaland-resultat frå 1. runde:
Nest-Sotra - Åsane: 2-1
Varegg - Stord: 0-1
Voss - Valdres: 1-4
Med det er Brann (Tippeligaen), Løv-Ham (1. divisjon), Stord (2. divisjon), Nest-Sotra (2. divisjon) og Fyllingen (3. divisjon) laga frå Hordaland som er vidare til 2. runde i NM 2010.
Vann 9-0
Åsne Takle Eide, som i år debuterte i toppserien for Arna-Bjørnar, er saman med lagvennine Trine Lund også vidare.
Dei tok seg onsdag til 3. runde med 9-0-siger (!) over Kaupanger.
Åsne og Trine spelte første omgang og Åsne var nær på skåring. Men ingen frå Os står ikkje bak nokre av dei 9 måla.
