|
Kjetil Vasby Bruarøy
fredag, januar 8, 2010 - 08:19
|
- Då vi var små gjekk vi på langrenn så svetten silte. Høgdepunktet i Hegglandsdalen var skirenna, då var det alvor, også for dei yngste, minnast Robert Nøss.
Då svogeren Arve Solskjær kom med forslag om å arrangera skirenn i Os tente han med ein gong på ideen.
- Eg og Arve har engasjert oss ein del i Os Turn Fotball, og dette passar godt med det fotballgruppa skal bli endå betre på; hyppige arrangement som inkluderer mange, med potensiale til å gje litt inntekter til klubben, seier Robert.
Full mobilisering
Arrangementet har og vil framleis krevja ein del av dei to, og andre dei får med seg til å ta på seg oppgåver før og under rennet.
- Vi har fått låna flystripa på Ulven av Forsvaret, og klubbhuset til Os Aero Klubb. Her får vi tilgang på toalett og kantine, der vi kan ha varmestove og ein liten kiosk.
- No jobbar vi med å planlegga løyper som passar både unge og vaksne skiløparar, fortel Arve.
Frå 4 år
Sundag 17. januar skal skirennet haldast, og arrangørane ser for seg deltakarar frå fire år og opp i alder.
- Vi vil laga klassar for barnehagealder og dela skuleungar og ungdom inn i årsklassar. I tillegg vil vi laga lengre løyper som vaksne kan konkurrera i.
Dei tre beste i sine klassar får premie, i tillegg blir det diplom til alle deltakarane i dei yngste klassane.
- Det har vore ein del folk å sjå på bakkane rundtom i bygda dei siste vekene, no er vi spente på kor mange som vil vera med på eit godt, gamaldags skirenn, seier Robert og Arve.
