|
Kjetil Vasby Bruarøy
onsdag, juni 17, 2009 - 14:04
|
Cirka klokka 13.30 kom meldinga om skogbrann på Ulven. Fleire soldatar frå leiren hjelper i skrivande stund brannvesenet med å få kontroll på brannen.
- Vi veit førbels ikkje korleis brannen starta, seier varabrannsjef og leiar på brannstaden Arne Monsen til midtsiden.no.
- Har de bedd om assistanse frå helikopter eller fly?
- Nei, det har vi ikkje, seier Monsen.
Brannen spreier seg i retning vest oppover Ulvenfjellet. Monsen fekk soldatar til å kjøra seg i ATV til toppen for å sjå korleis brannen utviklar seg.
Os brannvesen skal ifølgje BA.no ha bede om assistanse frå Bergen brannvesen, og mannskap frå Arna har rykt ut til Os.
Midtsiden.no kjem tilbake med meir.
