Stal flåte, måtte reddast

midtsiden
Ungdomane stal ein arbeidsflåte i Os sentrum. Kanskje var det denne? (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
søndag, juni 20, 2010 - 09:21

Ein ungdomsgjeng på ein arbeidsflåte utløyste sundag morgon redningsaksjon.

- Ein gjeng med fire ungdomar blei observert drivande på ein liten flåte. Hovudredningssentralen blei varsla, fortel Konrad Grindeland, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt.

Ferja Fanafjord sleppte ut ein lettbåt som slepte ungdomane nærmare land. Der blei dei tatt hand om av ei redningsskøyte.

- Dei hadde det visst kjekt om bord på flåten, men hadde ikkje motor eller noko å padla med, så vi måtte få dei til land.

Det var folk på land som varsla om folk på flåte. Grindeland kjenner ikkje til om den hadde rekt heilt til Bjørnen, sidan ferja stilte opp med lettbåt.

- Flåten blei tatt i Os sentrum og rak visst fort utover fjorden.

Natt til sundag har elles vore roleg for politiet. Dei har kontrollert nokre bilar og fått inn nokre klagar på støy frå fest, men festane har roa seg då politiet dukka opp.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no