Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

Startar denne veka

midtsiden
Slik skal brua bli. (Teikning: Statens vegvesen)
Kjetil Vasby Bruarøy
mandag, mars 8, 2010 - 11:42
Osbrua, eller Osøyro bru, skal bli tryggare for både mjuke og motoriserte trafikantar. Denne veka startar arbeidet.

Breiare fortau, nye rekkverk, nye veglys og nytt dekke, Osøyro bru skal rustast opp og arbeidet startar i desse dagar.

- Os kommune skal òg setje ut eit kunstverk på brua, som det no blir laga eigna plass til, i form av ei plattform, fortel byggjeleiar Terje Myking i Statens vegvesen i ei pressemelding i dag.

Det har vore snakk om ein Mæland-skulptur av ein bestefar og ein gut som ser på laksen, men ifølgje kunstnar Arne Mæland er skulpturen ikkje bestilt.

- Eg kom med ideen for ein del år sidan, og har skisser på skulpturen, men førebels er den ikkje bestilt. Eg har forstått det slik at finansiering av denne ikkje er på plass, seier Arne.

16 veker med bygging
Byggeperioden blir på rundt 16 veker, og i denne perioden må både fotgjengarar og bilistar finna seg i noko redusert ferdsle på brua. Vegbreidda blir redusert til 5,5 meter for å gje plass til arbeidarar og fotgjengarar, noko som kan gje vanskelegare kjøreforhold.

- For store kjøretøy kan det bli vanskeleg å passera kvarandre på brua. Ein må derfor vera merksam på at ein i periodar kan få køar, noko som igjen kan gje problem i kryssa inn mot brua i begge retningar, fortel Myking.

Byggjeleiaren vil difor oppmoda trafikantane om å vera ekstra merksame på trafikkforholda i anleggsperioden.

- Spesielt vil vi oppmode førarar av breie køyretøy om å ta ekstra omsyn, gjerne ved at dei stoppar før dei kjører inn i det smalaste området for først å sjekka om det er plass til å passera.

Ferdig før juli
Prosjektet er kostnadsrekna til om lag seks millionar kroner. Statens vegvesen har gjeve oppdraget til Vedlikehold-Service Drammen AS, etter tilbodskonkurranse.

Utbetringsarbeida er eit samarbeid mellom Statens vegvesen og Os kommune, som yter økonomisk tilskot til prosjektet.

Innan juli månad skal utbetringsarbeidet vera ferdig.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no