Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

Stengt av stein

midtsiden
I dag kom skiltet på plass igjen. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
onsdag, mars 17, 2010 - 19:43
Søvikåsen er stengt, i første omgang til torsdag, grunna steinras og fare for nye ras.

I førre veke blei Søvikåsen stengt grunna fare for ras. Vegen opna igjen, og i dag kom raset.

- Ein stor stein og nokre småsteinar raste ut i vegen på ein stad det ofte går ras. Vi rykte ut og fjerna steinmassene, men vegen held vi stengt ei stund til, seier seksjonsleiar for samferdsle i Os kommune, Arne Håkon Rød.

Vegen blei stengt midt på dagen onsdag. I første omgang held den stengt til torsdag.

- Det var meldt ein del nedbør i natt, men no ser det ut som om mykje av regnet passerer nord for Os. Vi har også vurdert å stenga Øvredalsvegen igjen, men no ser det ut som om vi slepp det, seier Rød.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no