Kontaktinformasjon

Kjetil Vasby Bruarøy
Øvre Varåsen 91
5200 Os

Mobil/SMS/MMS

+ 47 90 78 92 70
kjetil@midtsiden.no

Tips oss

Fredag 30. Juli

Stengt til over påske

midtsiden
Søvikåsen blir no fysisk stengt med betongblokker. (Foto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
torsdag, mars 18, 2010 - 20:58
Øvredalsvegen blir kanskje opna i morgon, Søvikåsen blir stengt til over påske.

Torsdag kveld var Os kommune på synfaring med geolog frå Norconsult. Områda rundt dei rasutsette og stengte vegane i Øvredal og Søvikåsen skulle inspiserast.

- Dersom det ikkje kjem for store nedbørsmengder i natt eller i morgon så blir truleg Øvredalsvegen opna igjen fredag ettermiddag, fortel seksjonsleiar for samferdsle i Os kommune, Arne Håkon Rød.

- Men Søvikåsen blir stengt til over påske.

Fryktar nytt steinras
Under inspeksjonen i Søvikåsen, der det nyleg raste ut ein stor stein, blei det oppdaga fleire større steinblokker som ligg slik til at det ser ut som om dei kjem til å rasa ut.

- Derfor  nøyar vi oss ikkje lengre med skilt, no sperrar vi vegen fysisk med betongblokker. Vegen over Søvikåsen blir stengt til over påske, seier Rød.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no