Stiller ut i Os

midtsiden
Frå utstillinga som kjem til Os. (Foto: George Osodi)
Den norske og den nigerianske oljeindustrien blir samanlikna i ei vandreutstilling som startar på Os 13. februar.

Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design presenterer ny vandreutstilling med verk av George Osodi. Visningssenteret i Os sentrum er første stopp på den landsdekkande turneen i 2010-2011.

I "Oil Rich N&N" samanliknar den nigerianske fotografen George Osodi den norske og den nigerianske oljeindustrien. Han er opptatt av kvardagslivet der oljeproduksjonen går føre seg, skriv Nasjonalmuseet i ei pressemelding i dag.

Vil ikkje sjokkera
Osodis dokumentasjon av det oljerike deltaet sør i Nigeria har ført til eit omfattande verk som tek for seg dei ekstreme forholda i regionen, både samfunns- og miljømessig. Den aukande uviljen mot oljeindustrien og statstilsette har gitt klar bane for væpna militia som ikkje nøler med å bruke vald for å forsvare sine rettar.

Fotografia frå Noreg vart gjort under opphald i Stavanger, Oslo og Lofoten i 2008. Osodi er ikkje ute etter å sjokkere, men legg heller til rette for at publikum kan gjera seg opp si eiga meining. Verket inngjekk i utstillinga "Hypocricy: The site specificity of morality", som vart vist ved Nasjonalmuseet (Museet for samtidskunst) våren 2009.

Stor interesse
Utstillinga er ei lysbileteframsyning som viser to bilete samstundes direkte på vegg. Utstillinga blir opna av kultursjef i Os, Lisbeth Axelsen, laurdag 13. februar klokka 14. Per Odd Bakke, avdelingsdirektør for landsdekkande program ved Nasjonalmuseet for kunst, arkiktektur og design vil vera tilstades på opninga.

Det er stor interesse for utstillinga, og vel tjue skuleklassar er påmeldt til omvisingar med dagsaktuelt tema om oljeindustri og miljø.

Utstillinga i Os blir open fram til 21. mars, torsdag til og med sundag frå klokka 12 til 17 med omvising av fagpersonar 14. februar og 13, 14, 20 og 21. mars klokka 14.


Emne:

Ein person er pågripen etter innbrot i ein bustad på Søre Neset onsdag ettermiddag.
midtsiden
Trond Giske grip inn i ferjesaken, og Fjord1 kan førebels fylla ferjene igjen.
midtsiden
Onsdag kveld blei Øvredalsvegen stengt for tredje gong på éi veke.
midtsiden
Søvikåsen er stengt, i første omgang til torsdag, grunna steinras og fare for nye ras.
midtsiden
Barnehagedekninga i Os har på 5 år auka frå 63 til 88 prosent.
midtsiden
Politikar Ingrid Netland fekk høyra om lokalt engasjement då ho i går, på barnehagedagen, besøkte Søre Øyane Naturbarnehage.
midtsiden
Det nystarta selskapet Fløysand Blikk AS søkjer allereie etter fleire fagfolk.
midtsiden
Verken brannvesen eller politi veit kvar det store oljesølet i Sollia stammar frå.
midtsiden
Kultursjef, ordførar og fleire Frp-arar sat på heidersplass medan dei blei parodiert i Nor å ne-revyen.
midtsiden
10 dagar med mildvêr stoppar ikkje Håkon Holen og Arne Veim Haugland sine planar.
midtsiden
- Vegen såg breiare ut, seier føraren som hamna i grøfta i Søvikåsen i dag.
midtsiden
1 dag, 3 kampar og 10 mål - Åsne Takle Eide (15) fekk treningsleir med Arna-Bjørnar.
I Bergen arresterte dei heile 10 polske dørseljarar i helga, måndag taua politiet i Os inn éin.
Tatt på fersken: Han var tidleg vaken, og tok seg god tid, mannen som forsynte seg frå naust i Kuvågen tysdag morgon. (Oppdatert)
midtsiden
Det er observert ein flokk med fem spekkhoggarar i Fanafjorden.
midtsiden
Osingen Sigurd Beldo, som i fjor imponerte i Offroad Finnmark, starta laurdag på eit 500 km langt løp.
midtsiden
Jens Mildestveit har fått tøffare konkurranse etter at han fekk svart belte. Men det hindra han ikkje i å vinna sin første internasjonale medalje.

Utanlandske seljarar er observert i Os igjen. Kjem det nokon på døra di og vil selja trefigurar ber politiet deg ta kontakt.

midtsiden
Os sleit seg til siger over Gneist i går, og er no klar for toppkamp og kamp om opprykk.
midtsiden
Tysdag kjem elevane ved Os Gymnas til å gjera som mange andre vidaregåande skular - brenna bål i protest.
midtsiden
Sjøfartsdirektoratet har bestemt at gassferjene må redusera kapasiteten med 150 passasjerar.
midtsiden
Det har gått snøras i Rødsliane, men vegen har i motsetnad til Øvredalsvegen ikkje blitt stengt.
midtsiden
Det har gått fleire ras over Øvredalsvegen etter at den stengte torsdag. Likevel blir den opna igjen i dag.
midtsiden
- Kva skal vi etterlata oss for komande generasjonar? Eit sarva samfunn og nokre milliardar på bok? spurte Siv Jensen på Solstrand laurdag.
Stein Ove Halhjem var ein av fleire osingar som erstatta advent i heimbygda med tur til Kilimanjaro.

Fyllekjøring med motorsykkel enda med kollisjon, 14 timar i koma og amputasjon av venstre bein. No åtvarar osingen andre mot å kjøra med promille.

midtsiden
Ambulanse, brannvesen og politi rykte i kveld ut på trafikkulykke med store materielle skadar.
midtsiden
Sverre og resten av det norske juniorlandslaget imponerte i lagtempo i Moskva.
midtsiden
- Låven sto og svaia litt før den brått la seg flat, fortel eigaren.

Full dame på Røykenes, urinering i sentrum og melding om bevisslaus mann utanfor Bar2Be er blant det politiet har tatt hand om natt til sundag.

Ei kvinne blei kjørt til lege for sjekk etter at ferjelemmen blei løfta opp under bilen hennar.

midtsiden
Os Karateklubb tok laurdag seks medaljar med seg heim frå Sveio.
midtsiden
Os vann ingen av dagens treningskampar. Men det burde dei gjort.
midtsiden
Osingen Bjarte Haugsdal spelar frå start for Brann i dagens serieopning mot Haugesund.
midtsiden
Medan Jørgen Wold var på jobb på Europris blei bilen hans ripa opp på eine sida.
Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil (a) midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
Macbox as
mnn (a) macbox.no
drupal cms