Stoppa i GHB-rus

midtsiden
Bilturen frå Prestegardsskogen stoppa her på Best-stasjonen. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
torsdag, mai 20, 2010 - 12:22

Ein osing (23) er dømt til ubetinga fengsel etter fleire bilturar utan førarkort, ein av dei i amfetamin- og GHB-rus.

Tysdag blei ein mann frå Os dømt til 30 dagar fengsel og 10.000 kroner i bot. Mannen var sikta for både å ha brukt registreringsskilt frå ein annan bil på sin eigen, for tre tilfelle av kjøring utan førarkort, der han ved eitt av tilfella var rusa.

Laurdag 14. november 2009, i 9-tida om morgonen, blei han stoppa på Best-stasjonen i Os sentrum. Han hadde då kjørt bil frå Prestegardsskogen sjølv om han var rusa på både amfetamin og GHB eller GBL.

Sikta tilsto og samtykka i at saka blei avgjort ved tilståelsesdom.

Retten vurderte samfunnsstraff, men blant anna det at rusen tilsvarar 1,5 i promille gjorde at straffa blei ubetinga fengsel.

Annonse

Annonse

Siste 20 frÅ kvart hovudemne

 

Ansvarleg Redaktør
Kjetil Vasby Bruarøy
kjetil@midtsiden.no
industrivegen 63 5200 os
tips: 907 89 270

 

Utvikla av
mortenn.no
morten@mortenn.no